Ørken er område i verda der det fordampar meir vatn enn det regnar. Det regnar heller ikkje til faste tider på året. Dette gjer at det er vanskeleg for planter, dyr og menneske å få tak i vatn.
Omlag ein tredel av landområda i verda er ørken.
Content-Length: 38718 | pFad | https://lille.snl.no/%C3%B8rken
Oase i ørkenen Sahara. Oasen ligg ved byen Béchar i Algerie, nær grensa til Marokko.
Ørken er område i verda der det fordampar meir vatn enn det regnar. Det regnar heller ikkje til faste tider på året. Dette gjer at det er vanskeleg for planter, dyr og menneske å få tak i vatn.
Omlag ein tredel av landområda i verda er ørken.
Varme ørkenar ligg i områda nord og sør for ekvator. Her regnar det lite, og den høge temperaturen gjer at vatnet fordampar lett.
Den største og varmaste ørkenen i verda er Sahara, som dekkjer mesteparten av Nord-Afrika. Her kan temperaturen bli over 50 grader i skuggen på dagtid, medan nettene er kaldare.
Varme ørkenar består som oftast av sanddyner, saltsletter og fjell utan planter. Sanddyner blir skapte av vinden, som blæs sanden av garde og lagar haugar med mjuke former. Saltsletter er uttørka innsjøar, der sanden inneheld mykje salt.
Dei tempererte ørkenane ligg lenger bort frå ekvator. Her er det òg lite nedbør, men lågare temperaturar. Omlag fire prosent av landområda i verda er tempererte ørkenar. Her varierar temperaturen mykje gjennom året. Om vinteren kjem nedbøren som snø.
Dei største tempererte ørkenane er Gobi i Kina og Mongolia, Karakum i Turkmenistan og Mojave i USA.
Polare område med ekstremt lite regn blir av og til kalla kalde ørkenar. Her er det mykje vatn, men det er frose til is. Då er det vanskeleg for dyr og planter å få tak i det. Antarktis er den største kalde ørkenen i verda.
I Antarktis veks det berre bitte små algar, bakteriar og sopp. Desse organismane må tole både tørke og kulde. Bjørnedyr kan til dømes leve i kalde ørkenar.
Planter og dyr som lever i varme og tempererte ørkenar, må tole lange periodar i høge temperaturar utan vatn, og verne seg mot å tørke ut.
Kamelar kan halde på store mengder vatn og næring i kroppen, både i magen og i pukkelen. Mange små ørkendyr og insekt gøymer seg om dagen, og er meir aktive om natta, når det er kaldare.
Kaktusar og sukkulentar er planter med tjukke blad, som kan lagre vatn lenge. Nokre plantar har ekstra lange røter, for å kunne suge opp vatn djupt nede i jorda.
Mange planter har frø som kan kvile i mange år, for å vente på regn. Etter ei regnskur kan frøet spire og bløme på nytt.