Dei som arbeider med botanikk, blir kalla botanikarar.

botanikk


Botanikarar kartlegg ofte ulike typar planter av same art og finn ut korleis dei er i slekt. Figuren syner ulike bregnar, der ein har teikna ulike typar med kva som er særeige for dei.
Figuren syner 1) Hengeveng 2) Tropisk trebregne 3) Bjørnekam 4) Grønburkne 5) Taggbregne 6) Raggtelg 7) Korleis frøa til bregnane sit 8) Eit gjennomskore blad med sporer, slør og sporehus. 9) Korleis bregnar ser ut, før dei kjem ordentleg opp 10) Marinøkkel 11) Sisselrot 12) Hjortetunge.
Kva ein botanikar gjer
Ein botanikar studerer mellom anna korleis planter lever, korleis dei er bygde opp, og korleis ulike planter er i slekt.
Botanikk er eit viktig fag for at menneske skal forstå
Ulike retningar innan botanikk
Ein kan dele inn faget botanikk etter kva botanikarane studerer:
- Korleis dei ulike delane av plantene fungerer blir kalla plantefysiologi.
- Korleis planter er bygd opp blir kalla planteanatomi.
- Korleis planter lever i ulike miljø blir kalla planteøkologi.
- Korleis planter er i slekt blir kalla plantesystematikk.
- Kvar i verda dei ulike plantene finst blir kalla plantegeografi.
- Studiet av planter frå fortida blir kalla paleobotanikk.