
gresk

Gresk er offisielt språk i Hellas. Det er markert i raudt. På Kypros er det offisielt språk saman med tyrkisk. Det er markert i gult
Utbreiing

Særdrag

Det greske alfabetet blir i dag brukt til å skrive gresk. Alfabetet er sett saman av 24 teikn. Ordet alfabet kjem frå dei to første bokstavane i det greske alfabetet: alfa og beta.
Dei greske bokstavane blir ofte brukte som symbol innanfor matematikk og andre fag. For eksempel teiknet pi: π.
Dei latinske og kyrilliske alfabeta har hatt det greske alfabetet som utgangspunkt.
Nygresk manglar infinitiv. Dette gjer at nygresk skil seg frå gamalgresk og dei fleste andre europeiske språk.
Lånord
Norsk har mange ord som er lånord frå gresk, for eksempel: matematikk, demokrati og teater.
Norsk er blant dei få språka i verda, der Hellas heiter omtrent det same som på gresk. Dei fleste andre språk har eit namn på Hellas som kjem frå latin Graecia. Det er for eksempel engelsk Greece, dansk Grækenland, islandsk Grikklandi.
Greske og latinske ord er grunnlag for vitskaplege og tekniske ordforråd over heile verda.
Ein reknar at omtrent 12 prosent av engelske ord stammar frå gresk.
Historie
Dei eldste greske tekstane stammar frå rundt 1400 fvt. Gresk er difor det språket som har lengst skriftleg tradisjon i Europa. Gresk kan følgjast nesten utan avbrot, gjennom 3400 år. Dette gir forskarane ein unik sjanse til å samanlikne ulike utviklingstrinn av det same språket.
Frå år 300 fvt. til 500 evt. var gresk det dominerande språket i eit stort område rundt Middelhavet, heilt frå Spania til India.
Språket blir kalla nygresk frå 1453, då det bysantinske riket fall. Gresk blei då i hovudsak snakka i Hellas og på nokre øyar.
Gresk er ei eiga grein av den indoeuropeiske språkfamilien. Indoeuropeiske språk høyrer tradisjonelt til i Europa, men har spredd seg til heile verda, via kolonisering.