Content-Length: 30464 | pFad | https://lille.snl.no/inuitt

inuitt – Lille norske leksikon
Foto av eit flagg med eit gult felt inn mot flaggstånga og eit kvitt felt lengst ut. Midt på er ein raud figur som førestiller stein lagt oppå kvarandre. I det øvste, høgre hjørnet er ei blå stjerne.

Flagget til den canadiske provinsen Nunavut. Det er der inuittane tradisjonelt har budd. Nunavut fekk sjølvstyre i 1999. Den raude figuren førestiller steinar, som er stabla oppå kvarandre, for å hjelpe folk å finne vegen.

Nunavut sitt flagg
Av /Shutterstock.

Inuitt er eit urfolk som lever i Canada, USA og på Grønland. Sjølv om inuittane bur i ulike land, har dei same bakgrunn.

Inuittar i dag

Nesten alle inuittar bur i byar og tettstader på Grønland, i Canada og i staten Alaska i USA.

Det bur flest inuittar i Canada, der dei i 2016 var rundt 65 000. Mange av dei bur i Nunavut, som er eit område inuittane styrer sjølv.

På Grønland er 90 prosent av befolkninga, på 50 000, inuittar. I tillegg bur det nokre tusen inuittar i Alaska og i Danmark.

Organisasjonen Inuit Circumpolar Council jobbar med rettigheiter for inuittar. Han blei starta av inuittar frå Grønland, Canada og USA i 1977.

Historie

Foto av iglo i Canada

Ein inuitt står med ein slede utanfor igloen sin. Biletet er teke på Bafflin-øya i Canada, tidleg på 1900-talet.

Foto av iglo i Canada
Av /NTB.

Inuittene var i opphavleg nomadar, som levde i små samfunn. For rundt 1000 år sidan kom thulefolket til Grønland. Dagens inuittar er etterkommarar etter thulefolket, som budde dei same stadene som det bur inuittar i dag.

Inuittane budde ofte langs fjordar og ved havet.

Nokre stader budde inuittane i igloar, som er vinterhus laga av snø. Andre stader bygde dei hus av kvalbein og stein.

Inuittane laga hundesledar for å komme seg over isen. I sjøen brukte dei kajakkar, som var laga av tre og selskinn.

Frå slutten av 900-talet kom det folk frå Noreg og Island for å bu på Grønland. Frå slutten av 1200-talet var Grønland ein periode styrt av den norske kongen.

På 1700-talet blei mange av områda der inuittane budde koloniserte av land i Europa. Det forandra levemåten til mange av urfolket. Grønland blei kolonisert av Danmark på slutten av 1700-talet.

Mange stader fekk ikkje barna lære sitt eige morsmål på skulen. Etter kvart mista inuittane òg område der dei hadde drive jakt og fiske i mange hundre år.

1900-talet

På 1900-talet blei områda inuittane budde i, gjort til delar av landa Canada, USA og Danmark. Då måtte inuittane kjempe, for å få like rettar som dei andre statsborgarane i desse landa.

Inuittar på Grønland fekk mellom anna rett til å styre Grønland sjølv i 1953. Men dei blei ikkje heilt sjølvstendige frå Danmark. Danmark styrer mellom anna utanrikspolitikken deira.

I 1999 fekk inuittane i Canada sjølvstyre over eit stort område som heiter Nunavut. I Alaska òg har fleire inuittsamfunn fått auka råderett over områda der dei alltid har budd.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Stener Ekern
Professor emeritus, Universitetet i Oslo








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://lille.snl.no/inuitt

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy