Content-Length: 20170 | pFad | https://lille.snl.no/korrupsjon

korrupsjon – Lille norske leksikon

Korrupsjon er å gi eller ta imot bestikkingar, for å få noko ein ikkje har krav på. Ei bestikking kan vere pengar, gåver eller tenester. Det er ulovleg å gi, tilby og å ta imot bestikkingar.

Døme på korrupsjon:

  • Ein som jobbar i kommunen, gir nokon lov til å byggje eit hus på ein stad det ikkje er lov, mot at dei får pengar.
  • Ein som stiller til val, betaler andre for å røyste på seg, eller betaler dei som tel røystene for å telje feil. Dette blir òg kalla valfusk.
  • Éin som har gjort noko ulovleg, betaler nokon i politiet for å sleppe ei bot eller å bli meldt til politiet.
  • Ein politikar tek imot gåver, i byte mot å røyste på ein bestemd måte i nasjonalforsamlinga.
  • Ein lærar tek imot ei gåve frå foreldre, i byte mot å gje barnet deira betre karakter.

Korrupsjon er urettferdig og kan skade demokratiet. Samanlikna med andre land er det lite korrupsjon i Noreg og Norden.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Henry Langseth
Universitetsbibliotekar og fagreferent, Universitetet i Bergen








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://lille.snl.no/korrupsjon

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy