Content-Length: 22411 | pFad | https://lille.snl.no/revir_-_ordforklaring

revir – ordforklaring – Lille norske leksikon

Faktaboks

Også kjend som

territorium

Ulv tisser på furu
Ein ulv markerer revir, ved å tisse på ei lita furu.
Foto
Av /NTB.

Revir er eit område som eit dyr ser på som sitt eige, og som det forsvarar. Dyret bur i reviret og kan merkje det, ved å tisse, bæsje, lage merke eller gni lukt der. På den måten kan andre dyr merke at dei er inne på reviret til andre.

Dyret kan varsle dei andre i familien eller flokken sin om at det har kome framande i reviret, ved å lage lyd. Det kan òg angripe framande dyr, dersom dei prøver å gå inn i reviret. Fuglar angrip og jagar vekk andre fuglar som kjem inn på deira revir.

Revir kan òg kallast territorium.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Eli Knispel Rueness
Dr. scient., Universitetet i Oslo








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://lille.snl.no/revir_-_ordforklaring

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy