Emilio Bueso er ein spansk forfattar frå Castellón de la Plana, som utmerker seg innan spekulativ fiksjon, også kalla fabelprosa.
Bueso er utdanna ingeniør, og jobba som professor i operativsystem ved Universitetet Jaume I de Castellón frå 2003 til 2011. Bueso begynte å skrive litteratur i sjangeren «skitten realisme» (dirty realism) i eit science fiction tidsskrift (fanzine) på 90-talet, men utga ikkje sin første kritikerroste roman Noche Cerrada (Mørk natt) før i 2007. Same år oppretta han ein blogg med same namn, kor han skreiv aktivt fram til 2015.
Bueso var med å grunnlegge litteraturforeininga Nocte som eksisterte mellom 2007 og 2016, og fokuserte på samtidsforfattarar som skreiv skrekklitteratur. I 2011 og 2015 vann han foreininga sin eigen pris for dei beste nasjonale forteljingane med romanane Extraños eones (Merkelige eoner) og El hombre revenido.
Litteraturen hans er inspirert av Charles Bukowski, Jack Vance, Michael Ende og Howard Phillips Lovecraft, og kan bli kategorisert som både science fiction, thriller, mørk fantasy, rar fiction (weird fiction), fantasy, western, dystopisk litteratur og fabelprosa (speculative fiction).
Han har to år på rad vunne Celsiusprisen for beste novelle under litteraturfestivalen Semana Negra de Gijón. Prisen blei tidlegare kalla Premio Celsius 232.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.