Content-Length: 44193 | pFad | https://snl.no/Emmuska_Orczy

Emmuska Orczy – Store norske leksikon

Faktaboks

Emmuska Orczy
Baronesse Emma Magdolna Rozália Mária Jozefa Borbála «Emmuska» Orczy de Orci, gift Barstow
Uttale

å:ksi

Fødd
23. september 1865, Tarnaörs, Ungarn
Død
12. november 1947, Henley-on-Thames, Storbritannia
Emmuska Orczy
Emmuska Orczy er mest kjent som forfatteren av Den røde pimpernell.
Av .

Emmuska Orczy var ein ungarsk-fødd britisk forfattar. Ho skreiv romantiske og melodramatiske forteljingar om den franske revolusjonen, blant anna Den røde pimpernell, som blei svært populær.

Bakgrunn

Emmuska Orczy var fødd i Tarnaös i Ungarn. Familien, som tilhøyrde det ungarske aristokratiet, forlét godset sitt på landsbygda i 1869 sidan dei frykta eit bondeoppgjer. Etter opphald i ulike byar på det europeiske kontinentet etablerte Orczy seg i London saman med den britiske illustratøren Henry MacLean Barstow, som ho gifte seg med.

Forfattarskap

Sjølv om Orczy fekk dårleg respons på debutromanen sin, The Emperor's Candlesticks (1899), heldt ho fram med å skrive romanar og detektivforteljingar. Ei av detektivforteljingane danna grunnlaget for skodespelet og romanen Den røde pimpernell, utgitt i 1903 og 1905. Forteljinga handlar om ein engelsk aristokrat, Sir Blakeney, som reddar franske aristokratar frå giljotinen under den franske revolusjonen. Etter ein svak start blei skodespelet ein uvanleg suksess med til saman meir enn 2000 framvisingar gjennom mange år. Orczy skreiv mange nye versjonar av forteljinga om Sir Blakeney og ligaen hans, den siste i 1940.

Ho skreiv også romansar og andre historiske romanar. Lady Molly of Scotland Yard (1910) er eit tidleg eksempel på ein detektivroman med kvinneleg hovudperson.

Påverknad og aktualitet

Orzcys påverknad knyter seg særleg til Den røde pimpernell og dei mange bøkene hennar som byggjer på denne romansuksessen. Romanen blei omsett til mange språk. Den er også blitt adaptert til teikneserie, film og TV. Orczy blei tidleg ein populær forfattar i mange land, inkludert Norge.

Utvalde bøker på norsk

  • Den røde pimpernell. Omsett av Mimi Sverdrup Lunden. Oslo: Aschehoug, 1940. Også seinare utgåver.
  • The Case of Miss Elliott. Omsett av Elisabeth Riise. Kristiania: Aschehoug, 1922.
  • Tor Åge Bringsværd (1988). Pimpernell. Skuespill. Fritt etter Baronesse Orczys roman Den røde pimpernell. Oslo: Solum Forlag.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Encyclopedia Britannica: Baroness Emmuska Orzy
  • Marcus, Laura og Peter Nichols (red. 2012). The Cambridge History of Twentieth-Century English Literature. Cambridge: Cambridge University Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://snl.no/Emmuska_Orczy

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy