I. P. Huse var ein norsk industrigründer og oppfinnar. Ingebrigt P. Huse starta ei mengde foretak, mellom anna tønnefabrikk, sildoljefabrikk og mekanisk verkstad, og konstruerte praktiske og effektive innretningar til ymse føremål.
I. P. Huse
Faktaboks
- Fødd
- 3. august 1880, Sandøy
- Død
- 12. august 1947, Sandøy
- Verke
- Industrigründer og oppfinnar
- Familie
-
Foreldre: Fiskar og gardbrukar Paul I. Huse (1854–1939) og Ingeborg Anna Tangen (1860–88).
Gift med Jenny Vestre (13.6.1885–13.9.1949), dotter til bonde og fiskar Hans Olaus Vestre (1837–1924) og Ingeborg Helland (1844–1921).
Tidleg karriere
Huse tok til som fiskar i ungdomen. Han skaffa seg ein motor frå Danmark like etter 1900 og fekk den mekanikar Nils K. Finnøy frå Finnøya til å montere motoren i båten sin. Saman med far sin kjøpte han handelsstaden til Rønneberg-firmaet på Steinshamn. Der vart det etablert fiskemottak og fiskehandel, som utvikla seg til å bli blant dei største i distriktet. Han starta tønnefabrikk og dreiv med sildesalting.
Fabrikkar og mekaniske verkstadar
Utover i 1920-åra vart det dårlege tider, og fiskehandelen var på grensa til konkurs. Då grunnla Huse torvfabrikk med basis i torv frå myrane på Harøya, der han fokuserte på effektivisering. I 1927 starta han sildoljefabrikk i nokre gamle sjøbuer på Steinshamn. Også i denne verksemda var det maskinene i fabrikken som interesserte han. I 1930 grunnla han også ein mekanisk verkstad, og der utvikla og produserte han maskinutstyr til sildeoljefabrikkar.
Snart gav han seg i kast med å konstruere heile fabrikkar. Han hadde fordelen ved å kunne teste ut løysingane i eigen fabrikk, og bedrifta I. P. Huse vart etter kvart leverandør av komplette maskineri for andre sildolje- og sildemjølfabrikkar. I. P. Huse på Steinshamn vart etter kvart leverandør til dei fleste av dei 20 fabrikkane som laga sildemjøl, fiskemjøl eller sildolje i Trøndelag og i Møre og Romsdal, og snart fekk bedrifta også mange kundar i resten av landet.
Huse tykte sildelossinga var for lite rasjonell og konstruerte Huse lossegrabb, ein skiljegrabb som revolusjonerte sildelossinga. Han konstruerte også ei sildepresse, ei patentert sildemjøltørke og mykje anna.
Overskotet frå sal av maskiner til sildoljefabrikkane vart i 1941 sett inn i eit nytt selskap, A/S Hydraulik i Brattvåg, som vart etablert rundt Einar Røsok sin verksjad i Brattvåg, tidlegare kalla Årsund Slip. I. P. Huse var ein periode største aksjonær for Hydraulik og vart den første styreformannen. Han var òg med på å få Hydraulik skikkeleg i gang, men etter krigen var det sønene Paul Huse og Hans Vestre Huse som dreiv verket vidare saman med Røsok.
Det var heile tida tett samarbeid mellom Hydraulik i Brattvåg og bedrifta I. P. Huse på Steinshamn. Dei produserte vinsjar begge stader, men I. P. Huse konsentrerte seg om dei største vinsjtypane. Dei hydrauliske vinsjane frå Hydraulik vart raskt verdsleiande. I 1969 vart Hydraulik A/S kåra til årets bedrift i Norge. Kombinasjonen av Røsok si geniale oppfinning av ein hydraulisk vinsj og Huse sin vilje til å satse på nye produkt vart eit lukketreff for både Brattvåg og Steinshamn.
I 1992 vart bedrifta oppkjøpt av Ulstein Group.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- O. Onarheim: Min tørn, 1984
- L. Hatlehol: Vinsjemakerne. AS Hydraulik Brattvaag 1941–1991, Haram 1991
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.