Sjølv om han tidleg fekk oppleve musikk på høgt nivå, var Stravinskij ikkje noko vedunderbarn. Då han var 20 år gamal, rådde Rimskij-Korsakov han frå å studere på konservatoriet, fordi han meinte Stravinskij ikkje var flink nok. Likevel hadde han stor framgang i lære hos Rimskij-Korsakov, og då den russiske impressarioen Sergej Djagilev fekk høyre to av verka hans, vart han så imponert at han tinga eit stykke til Ballets Russes, ballettkompaniet hans i Paris. Eldfuglen, med koreografi av den kjende ballettinnovatøren Michel Fokine, vart ein stor suksess på premieren i 1910, og Stravinskij sin utprega russiske musikk, med stor påverknad frå Rimskij-Korsakov, høvde perfekt med parisarane sin sans for eksotisme, kunst inspirert av framande kulturar, helst austlege.
Det neste prosjektet var Petrusjka i 1911, med dansaridolet Vaslav Nijinskij i tittelrolla. Denne balletten handlar om eit magisk dokketeater, og scena er lagd til ein livleg marknad i St. Petersburg. Musikken målar dette perfekt ut, i ei kaotisk samanblanding av musikalske skildringar, fulle av sitat frå ulike kjelder, frå russiske folketonar til wienervalsar og populærmelodiar.
Då Djagilev annonserte at Stravinskij var attende med ein ny ballett til vårprogrammet i 1913, venta parisarpublikummet seg ein ny Petrusjka. Men Vårofferet var ikkje nokon festleg eksotisme, det var ein musikalsk revolusjon, som publikum slett ikkje var budd på. Kombinert med den radikale koreografien til Nijinskij, som sjølv ikkje var med i balletten, vart premieren ein skandale, kanskje den aller mest berykta konsertskandalen nokon gong.
Publikum reagerte så snart orkesteret starta, med den kjende fagottintroen som ligg så høgt i registeret at få skjønte kva instrument det var. Då dansarane kom på scena, braut det ut rein nevekamp i salen mellom sjokkerte motstandarar og fornærma tilhengjarar, provoserte ikkje berre av den brutale musikken, men òg av dei uvanlege kostyma og koreografien, som var milevis frå den elegante ballettestetikken dei var vane med. Slagsmålet heldt fram gjennom heile framsyninga, og Stravinskij sjølv vart så såra at han sprang frå setet sitt og bak scena, der han fann Nijinskij på ein stol, ropande nummerrekkjer til dansarane, som ikkje kunne høyre orkesteret på grunn av støyen frå salen.
Musikalsk var det først og fremst oppløysinga av dei regelmessige rytmane som var nytt i Vårofferet, Stravinskij skiftar taktart nesten for kvar takt. I tillegg finst det ingen musikalske tema som vert utvikla, slik det var vanleg i den symfoniske tradisjonen. I staden bruker han små motiv, ofte henta frå folkemusikken, som han repeterer og blandar, ofte svært disharmonisk og med uvanleg instrumentbruk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.