James Herriot var ein britisk forfattar. Han var utdanna som dyrlege og praktiserte i Yorkshire. I ein alder av 50 år byrja han å skriva ned opplevingane sine. If Only They Could Talk (1970), It Shouldn't Happen to a Vet (1972) og All Creatures Great and Small (1972) innleidde ei lang rekkje bøker som straks blei salssuksessar og omsette til mange språk.
Fjernsynsserien frå 1978 (BBC) med Christopher Timothy, Robert Hardy og Peter Davidson som dei tre dyrlegane bidrog ytterlegare til å gje Herriot eit stort publikum, og i 2020 lanserte Channel 5 PBS ei nyinnspeling med Nicholas Ralph, Samuel West, Anna Madeley og Callum Woodhouse i hovudrollene.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.