Det gjekk ikkje så lang tid med den reine Høgre-regjeringa i 1981 før både Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti innsåg at det ikkje var tilfredsstillande å sitje som støtteparti i Stortinget for ein politikk dei ikkje hadde høve til å påverke i regjeringsposisjon. Meiningsmålingane viste då også at det var Høgre som vann mest på situasjonen. Dei to støttepartia vann lite. I pinsa 1983 opna leiaren i Senterpartiet, Johan J. Jacobsen, for at dei tre partia no burde forhandle med sikte på å utvide regjeringa. Utspelet var uventa både for Høgre og for KrF, men snart var forhandlingar i gang. Landsmøtet i KrF i april 1983 hadde dessutan opna for at partiet, om situasjonen kravde det, kunne delta i ei regjering sjølv om abortlova ikkje vart endra. «Situasjonen» som kravde det var ei mogeleg regjeringskrise på industriutbygginga i Tyssedal. Også Willoch og Høgre kjende seg bunden av lovnaden frå før valet om at ein om mogeleg skulle skipe ei trepartiregjering.
Etter ein hektisk forhandlingsrunde kom fire statsrådar frå KrF og tre frå Senterpartiet inn i regjeringa, og sju høgrestatsrådar måtte gå. Denne regjeringsutvidinga var ikkje særleg populær på grunnplanet i Høgre, og ved lokalvalet i 1983 fekk partiet ein tilbakegang. Det vart tolka som om høgrebølgja no var på retur, men det var snarare Framstegspartiet som var i siget. Arbeidet gjekk naturleg nok heller ikkje like lett i ei trepartiregjering som då Høgre hadde regjeringsmakta åleine. Når det knirka i samarbeidet, kom det sjølvsagt av at no sat toppleiarane i dei tre partia i regjeringa. Dei hadde alle eit markeringsbehov, og sjølv om både Kjell Magne Bondevik og Johan J. Jacobsen samarbeidde godt med statsminister Willoch, vart det no tre parti som skulle markere seg. Nye samarbeidsformer måtte difor etablerast i regjeringa.
Eit eige underutval vart etablert med statsminister Willoch, finansminister Rolf Presthus og Kjell Magne Bondevik frå KrF og Johan J. Jacobsen frå Sp. Dette utvalet skulle ta seg av saker som køyrde seg fast i regjeringa. Seinare kom det også eit eige oljeutval og eit eige utanrikspolitisk utval i regjeringa. I det siste var også dei tre partia sine stortingsgrupper representert, og det vart nødvendig då den såkalla «rakettsaka» var i ferd med å rive grunnen unna Willoch-regjeringa. Gjennom sitt dobbeltvedtak hadde NATO forplikta seg til både utplassering av nye mellomdistanserakettar i Europa og forhandlingar med Sovjetunionen om å avgrense talet på slike rakettar. Mange i mellompartia var samde med dei i Arbeidarpartiet som ville «fryse» utplasseringa av rakettane og i staden satse einsidig på forhandlingar. Då regjeringa vart utvida, stilte Willoch som krav at ingen av statsrådane frå mellompartia måtte vere motstandarar av NATOs dobbeltvedtak, men for å halde stortingsgruppene samla i støtte for at NATO gjennomførde både utplasseringa og forhandlingar, måtte Willoch la eit uformelt kabinettsspørsmål henge over stortingsgruppene i denne saka. Alle visste at ved eit eventuelt nederlag i tryggingspolitikken ville regjeringa måtte gå av. Dette trugsmålet gjorde at regjeringa berga seg igjennom, men andre vanskelege saker sto i kø.
Problem oppstod ikkje minst fordi Arbeidarpartiet etter kvart kom til å by over regjeringa i ei rekkje saker som var populære i mellompartia, og det var gjerne saker der Ap sitt standpunkt var dyrare for staten enn regjeringa sitt. For Willoch, som meinte at det snarare enn å bruke meir av statens pengar heller burde strammast inn, vart dette ein særs vanskeleg balansegang, og han har i ettertid vedgått at han gjekk med på fleire påplussingar enn han burde ha gjort. Rolf Presthus signaliserte då også på slutten av regjeringa si levetid at han ikkje var heilt nøgd med utgiftssida i budsjettet. Han hadde levert budsjettet nærast «med påhalden penn». I det låg at dette var det beste han kunne få fleirtal for i regjeringa. Problemet for regjeringa var at det med Arbeidarpartiet sine stemmer i Stortinget var eit solid fleirtal for å plusse på utgiftene meir enn det regjeringa gjorde framlegg om.
I valkampen framfor stortingsvalet i 1985 tok overboda heilt av. Trass i at ein hadde fått nesten samrøystes vedtak i Stortinget om å fjerne taket på bankane sine utlån, og difor burde ha sett opp renta for å dempe låneeksplosjonen, gjorde Arbeidarpartiet framlegg om rentereduksjon både i 1984 og 1985. Seinare har Bankkrisekommisjonen slått fast at staten i denne situasjonen burde ha teke i bruk verkemidlar for å dempe den sterke etterspørselen etter lån dei siste åra av Willoch-regjeringa si levetid. Willoch sjølv vil nok i ettertid gjerne setje to strekar under ein slik konklusjon, men på det tidspunktet var det ikkje mogeleg å få fleirtal i Stortinget for ein renteauke. Han valde å bli sitjande trass i at både han og finansministeren eigentleg meinte at den økonomiske politikken regjeringa førte var for ekspansiv. Om han og regjeringa hadde gått av tidlegare, ville det på ingen måte ha hindra den bankkrisa som kom seinare.
Våren 1984 vart Kåre Willoch alvorleg sjuk, og var borte frå politikken ei lang periode. Han kom seg til att, men mange meinte å kunne merkje at det var ein litt rolegare og kanskje også litt mindre handlekraftig Kåre Willoch som kom tilbake.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.