Knut Robberstad var ein norsk jurist. Han var professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo frå 1940 (utnemnd 1945) til 1969.
Robberstad arbeidde særleg med rettshistoriske, tingsrettslege og kyrkjerettslege emne; han gav mellom anna ut omsetjingar frå norrønt av Magnus Lagabøters bylov (1923) og Gulatingslovi (3. utgåve 1969), forutan Oreigningsvederlaget (1968), Rettsutferd (1969) og mange artiklar.
Han var formann i Noregs Mållag i 1952–1957 og i Sivillovbokutvalet av 1953.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.