Arbeidet i barneskolen danna grunnlaget for Munthe si forfattarverksemd. Song og leik var hennar spesialfag og store interesse, og det ho skreiv nytta ho også i undervisninga. I 1905 gav ho ut si første samling av songar for barn, Kom skal vi synge. Seinare kom to nye samlingar med same tittel, 2. samling i 1907 og 3. samling 1918. Songane vart populære, og bøkene kom i stadig nye opplag. I 1946 kom ei samla utgåve, illustrert av Olav Engebrigtsen.
Det karakteristiske for barnedikta til Munthe er at dei tek utgangspunkt i barn sitt liv her og no, i leiken, i skulen, i heimen, saman med andre barn og saman med foreldre og andre vaksne. Det er dikt om barn i kvardagslege, attkjennelege situasjonar, forma som små forteljingar eller som små sceniske opptrinn. Ofte har dei ein innebygd moral som viser korleis ein bør oppføre seg. Enkelte dikt kan vere direkte moraliserande, som dei velkjende Bare se, men ikke røre, Nei, nei gutt og Sladrehank skal selv ha bank. Ein annan teknikk er å nytte eit barnleg eg i teksten og la barnet sjølv uttrykke moralen, som i Jeg skriker ikke jeg og Da klokken klang.
Samlingane inneheld også muntre dikt der innhaldet er rein gledesytring, slik som i Hurra, det sner! og Akevise. Nokre dikt knyter seg til regletradisjonen eller har emne som er henta frå folkeleg forteljetradisjon, slik som Geiterams (Å jeg vet en seter) og Nissens julekveld. Felles for alle dikta er at dei er skrivne til kjende melodiar og er lette å syngje. Melodiane varierer frå salmar til stevtonar, alt etter innhaldet i visene. Bruken av folkelege melodiar dempar det moraliserande preget og er ein viktig grunn til at mange av songane enno lever.
Munthe skreiv innafor eit tradisjonelt formspråk, der ho nytta faste, regelrette strofemønster. Ein føresetnad var at dikta skulle kunne syngjast. Gjennom den populariteten som dikta oppnådde og den posisjonen ho dermed fekk, kom ho også til å påverke seinare diktskriving for barn. Det utvikla seg ein sterk norsk tradisjon for å formidle god moral innafor eit fast formspråk. Men Munthe var også nyskapande på den måten at ho skreiv om levande barn i eit gjenkjenneleg miljø. Både barn og situasjonar er treffande skildra, og dei beste dikta gir slik uttrykk for ekte kjensler og opplevingar.
Munthe skreiv også dikt og songar for julehefte, og ho gav ut eit par mindre samlingar med songar og songleikar, Saa leker vi litt og Nu synger vi om dyrene vore. Ho gav også ut fire barnekomediar. Aase fiskerpike er eit skodespel i tre akter, skrive i versform og med 14 innlagde songar. Stykket vart i første omgang refusert av teateret, men kom i staden ut som bok 1912, vakkert illustrert av Andreas Bloch. Askepot og Den nysgjerrige kone er enklare stykke. Askepot vart oppført som opningsforestilling ved Inga Bjørnsons barneteater i 1922. Då dei to stykka kom ut 1917, var boka illustrert av Munthe sin 15 år gamle slektning Per Aabel.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.