Content-Length: 40312 | pFad | https://snl.no/Ragnar_Holme

Ragnar Holme – Store norske leksikon

Faktaboks

Ragnar Holme
Fødd
19. juni 2001
Foto av Ragnar Holme med gullmedalje om halsen

Ragnar Holme er ein norsk vektløftar frå Naustdal i Sunnfjord. Han har vunne kongepokalen og representert Noreg i EM og VM. Holme konkurrerer for Tambarskjelvar Idrettslag. Han løftar i +109-kilosklassen, der han er innehavar av alle dei norske rekordane.

Merittar

  • Vinnar av kongepokalen i 2023, 2024 og 2025
  • Gull i NM i 2023 og 2024
  • Nordisk meister i 2023

Karriere

Ragnar Holme byrja med vektløfting då han var 15 år. Fram til då hadde han hevda seg lokalt i langrenn og triatlon, men ein lærar meinte at vektløfting kunne vere ein idrett som passa han endå betre. Holme byrja å trene med vekter i 2017, og fekk raskt framgang i den nye idretten. I junior-NM var Ragnar Holme beste individuelle løftar i tre år på rad.

Gjennombrotet på seniornivå kom i 2023, då han i NM tok gull i +109-kilosklassen og i tillegg sikra seg sin første kongepokal som beste løftar på herresida. Seinare deltok han i både U23-EM, senior-EM og VM. Han debuterte på våren i EM med ein niandeplass, etter å ha løfta 365 kilo samanlagt. Han sette ny norsk rekord i rykk på 165 kilo, og noterte seg for 200 kilo i støyt.

På hausten same året tok Holme gull i støyt og sølv samanlagt i U23-EM i Bucuresti. Han debuterte i VM i Saudi-Arabia med å bli nummer 21.

Ragnar Holme fekk prisen for årets idrettsprestasjon i 2023 i heimkommunen Sunnfjord. Det var Sunnfjord idrettsråd som stod bak kåringa. I mars 2024 tok han sin andre kongepokal i NM.

Under U23-EM i november 2024 tok Holme sølv i rykk og bronse samanlagt. Han sette nye norske rekordar med 167 kilo i rykk, 210 kilo i støyt og 377 kilo samanlagt.

Ragnar Holme avslutta året 2024 med å delta i eit julestemne på heimebane i Naustdal. Der forbetra han begge dei norske rekordane med éin kilo til 168 kilo i rykk og 211 kilo i støyt. Samanlagtrekorden heva han dermed til 379 kilo.

Under Sunnfjordgallaen i januar 2025, sette Ragnar Holme igjen ny norsk rekord i rykk. Denne gongen klarte han 175 kilo, som òg er ny nordisk rekord.

Ragnar Holme tok i mars 2025 sin tredje strake kongepokal under NM i vektløfting. Han sette samstundes både norsk og nordisk rekord med 215 kilo i støyt. Under EM i april vart Holme nummer fire i rykk. Samanlagt enda han på sjuandeplass.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://snl.no/Ragnar_Holme

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy