Stavanger Aftenblad var presten og politikaren Lars Oftedal si avis, som han starta etter ein offentleg skandale. 1. november 1891 stod Lars Oftedal fram i kyrkja under ei gudsteneste og fortalde at han hadde gjort seg skuldig i sedløyse, og han fekk avskil som prest – ikkje i nåde og utan pensjon. Saka vekte sterk oppsikt og førte også til beisk skadefryd hos motstandarane hans. Tre–fire forretningsfolk som var nære vener tykte synd i han. Dei la inn såpass pengar at det kunne bli til eit skur nede i Søragadå. Der starta han avis.
Frå 1893 kom den første utgåva av Stavanger Aftenblad. Det flaut av aviser i Stavanger på Oftedals tid, knytta til heile det politiske spekteret, frå venstre til høgre og i midten. Stavanger Aftenblad blei raskt den største. Oftedal skreiv så folk fryda seg over stil og innhald. Slekt støtta til i trykkjeri og pakkeri. Etter kvart kom det andre som fekk arbeid og rimeleg løn.
Grunnleggjaren Lars Oftedal stridde med helsa. I 1900 døydde han, men sonen Lars dreiv avisa vidare og oppover. Under hans leiing hadde avisa sterk framgang og vart eit av partiet Venstre sine hovudorganar og ei av dei mest innflytelsesrike aviser i landet. Tilknytninga til Venstre heldt fram like til partiet vart kløyvd i 1972. Etter den tida har Aftenbladet vore partipolitisk uavhengig. I 1932 vart Lars etterfulgt av sonen Christian S. Oftedal, som redigerte avisa til han døydde i 1955, berre avbrote av krigsåra frå 1940 til 1945.
Avisa grodde i alvor og kvalitet opp gjennom hundreåret. Det kom maskinar, typografar og skriveglede. Det kom andakter og korrespondentar frå vide ikring. Det kom kvinneside. Og avisa følgde med i rikspolitikken og talde med. Og ho følgde nøye med i smått og stort. Avisa famna byen, men spreidde seg samstundes innover Ryfylke og sørover Jæren. Avishaugane låg klare på kaien straks fjordabåtane skulle innover i femtida.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.