Stein Balstad var ein norsk lærar, forfattar og avismedarbeidar. Han utmerkte seg med fagforeiningsarbeid i Den Norske Forfatterforening.
Stein Balstad
Faktaboks
Gunnbjørn Stein Balstad
- Fødd
- 21. februar 1884, Ytre Rendal (no Rendalen), Innlandet
- Død
- 1966

Bakgrunn
Stein Balstad var fødd i Ytre Rendalen i Hedmark. Etter eksamen ved Elverum lærarskule i 1904 slo han seg ned i Oslo, der han først var lærarvikar. Frå 1906 til 1950 var han tilsett ved Sofienberg skole. Frå 1924 til 1958 var han litteraturmeldar i Morgenposten, og frå 1959 var han medarbeidar i Folkets Framtid. Han var òg kåsør i NRK frå 1945.
Forfattarskapen
Balstad debuterte i 1919 med forteljingsboka Av Kristian Bakkens hændelser og skreiv sidan eit tjuetals bøker, av dei fleire romanar, mellom anna Forbannet være du (1925), Slekt skal følge (1928), og Vi fra skogene (1936). Nokre av skodespela hans, til dømes Sportsdilla (1927), vart sette opp ved Det Norske Teatret. Balstad skreiv òg barne- og ungdomsbøker. Den nostalgiske Med farfar på setra (1929), illustrert av Otto Valstad, er komen i fleire utgåver.
Dei fleste bøkene til Balstad er skrivne i ein realistisk tradisjon med tydeleg sosial tendens. Eit viktig tema gjennom den litterære produksjonen er det harde livet til skogsarbeidarane. Han var inspirert av kvardagslivet i barndomsbygda og skreiv med eit sterkt dialektfarga språk. Nokre arbeid skreiv han på nynorsk, mellom anna skodespelet Kven dømer (1927). Det siste arbeidet hans før han døydde, var folkespelet Rendalsheksene (1966), som tematiserer hekseprosessar i Rendalen på sekstenhundretalet.
Verv og utmerkingar
Balstad var sekretær i Den Norske Forfatterforening frå 1922 til 1929, og han var styreformann, nestformann og formann frå 1929 til 1938. Han var medlem av Ibsen-komiteen i 1928 og Holbergkomiteen i 1934. Balstad var medlem av programrådet i NRK frå 1928 til 1940. Han fekk Pegasusordenen frå Den Norske Forfatterforening.
Utgivingar i utval
- Av Kristian Bakkens hændelser (1919)
- Den store bøigen (1923)
- Forbannet være du (1925)
- Slekt skal følge – (1928)
- I ditt ansikts sved (1930)
- Tidehverv (1933)
- Vi fra skogene (1936)
- En ny slekt (1938)
- Storbyen fanger (1943)
- Rendalsheksene (1966)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.