Content-Length: 42409 | pFad | https://snl.no/Tokke_-_elv

Tokke – elv – Store norske leksikon

Faktaboks

Tokke

Tokkeåi

Etymologi

truleg av norrønt þot, ‘brusing, tuting’.

Region
Telemark
Nedbørfelt
2370 km2
Kjelde
Totak
Munning
Dalen
Sideelvar

Vinjeåi, Dalåi

Vassdrag

Skiensvassdraget

Ravnegjuv
Ravnegjuv. På ein lang strekning går Tokke djupt nede med til dels loddrette dalsider.
Av /Anno Norsk skogmuseum.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Tokke er ei elv i Vest-Telemark, i Skiensvassdraget mellom innsjøane Totak og Bandak.

På ein strekning nedanfor Åmot er elva kommunegrense mellom Vinje og Tokke. Her går elva over ein strekning på fire kilometer i eit djupt juv, Ravnegjuvet, med loddrette sider på opptil 300 m. Ravnegjuvet blei på 1800-talet ein turistattraksjon; nokre år var eit sumarhotell i drift nær utsiktsplassen.

Tokkeutbygginga, som pågjekk i perioden 1959 til 1979, omfattar sju kraftstasjonar med samla effekt på 976 MW, og gjennomsnittleg årsproduksjon på 4492 GWh. Kostnadene ved utbygginga var under 2,0 øre per kWh, som var lågt, sjølv etter kostnadsnivået på den tida. Utbygginga tørrla mellom anna den staselege Hyllandsfossen ved Åmot i Vinje, med ei samla fallhøgd på 55 meter.

Store delar av Tokke sitt dalføre er verna som naturreservat på grunn av den rike vegetasjonen i dei bratte dalsidene.

Kart

Tokke
Tokke
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://snl.no/Tokke_-_elv

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy