VG er ei norsk dagsavis med hovudredaksjon i Oslo. Ho vart grunnlagd i 1945 og er Noregs største avis med over 2 millionar daglege lesarar på nett og papir. VG blir gjeve ut i papirformat alle dagar i veka og er landsdekkjande som laussalsavis. VG er den einaste norske avisa som har sundagsutgåve på papir. Avisa hadde sitt største opplag i 2002 med 390 000.
VG har dei siste tiåra stått fram som ei omstridd tabloidavis, med tidvis dristig og frekk journalistikk på område der norsk presse tradisjonelt har vore tilbakehalden. Det gjeld mellom anna offentlege personar sitt privatliv. Gravejournalistar har ved ei rekkje høve brakt avsløringar om personleg svikt, maktkampar og indre motsetnader i parti som mellom anna har medført at statsrådar og partileiarar har gått av. Også når det gjeld idrett har VG blitt leiande, med allsidig og detaljert dekning av dei fleste sportsgreiner.
Kommentarar (2)
skreiv Jon Gisle
Etter beskjed fra meg har dere rettet slik at det nå står at avisen kommer ut i papirformat alle hverdager, altså ikke søndager. Det er helt korrekt. I Lille Norske står det derimot at papirutgaven kommer sju ganger i uka, noe som ikke lenger stemmer. Redaksjonene i Store Norske og Lille Norske bør være såpass koordinert at oppretting av feil i det ene også fører til oppretting av feil i det andre.
svarte Olav Garvik
Nyhetsredaktøren i VG gjør oppmerksom på at avisen kommer ut i papirformat sju dager i uken, altså også søndager. Den er merket tydelig SØNDAG. Avisen kommer løssalgshandlerne i hende lørdag, men selges søndag - akkurat slik vi var vant med når det gjelder påskeaftenavisen som også ble laget flere dager før den ble solgt.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.