Soga om ynglingane, er den første av sogene i Heimskringla. Ho skil seg frå dei andre sogene i Heimskringla ved at ho ikkje handlar om éin konge, men fortel om ei slekt, ynglingane. Soga dannar eit bakgrunnsteppe for den norske kongeslekta og fører henne tilbake til eit mytologisk opphav i guden Frøy.
Faktaboks
- Også kjend som
-
Ynglingesaga
I form har Ynglinga saga meir til felles med fornaldersogene enn med kongesogene. Ho er tufta på mytologi, og stoffet ber større preg av segn og eventyr enn av historisk framstilling.
Fleire kvad ligg til grunn for soga, men hovudkjelda er Ynglingatal av Tjodolv frå Kvine. Den tapte Soga om Skjoldungane er òg nemnd som kjelde.
Ynglinga saga vart truleg skriven på 1220–talet, saman med resten av Heimskringla.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.