Adjektiva har desse bøyingskategoriane:
-
grad, med bøyingstrekka positiv, komparativ og superlativ
-
tal, med bøyingstrekka eintal (singularis) og fleirtal (pluralis)
- genus (grammatisk kjønn), med bøyingstrekka hokjønn (femininum), hankjønn (maskulinum) og inkjekjønn (nøytrum).
-
binding (bestemtheit) ), med bøyingstrekka ubunden (ubestemt) og bunden (bestemt)
Skiljet mellom hokjønn (femininum) og hankjønn (maskulinum) er så lite vanleg i adjektivbøyinga at det er praktisk å innføre felleskjønn som namn på samanfallet mellom desse to bøyingstrekka.
Trass i at adjektivet blir bøygt i så mange kategoriar, har dei fleste adjektiv berre seks bøyingsformer. Ein strek (–) viser fråvær av ein bøyingskategori.
GRAD |
BINDING (BESTEMTHEIT) |
TAL |
GENUS |
fin |
positiv |
ubunden |
eintal |
felleskjønn |
fin |
positiv |
ubunden |
eintal |
inkjekjønn |
fin-t |
positiv |
bunden og/eller fleirtal |
* |
– |
fin-e |
komparativ |
– |
– |
– |
fin-are |
superlativ |
ubunden |
– |
– |
fin-ast |
superlativ |
bunden |
– |
– |
fin-ast-e |
Som tabellen viser, blir bøyingskategoriane tal og genus berre brukte i positiv. Binding finst i både positiv og superlativ.
Nokre adjektiv er ubøyelege, som moderne, rotete, lilla og firkanta. Dei har berre éi positiv form, og komparativ og superlativ blir ikkje uttrykte med bøying, men perifrastisk, med adverba meir og mest, til dømes meir moderne, mest moderne. Perifrastisk komparativ og superlativ blir brukt generelt ved relativt lange adjektiv, som engelsk og kontinental. Perifrastiske former er ikkje bøyingsformer.
Nokre få adjektiv skil mellom hokjønn og hankjønn i ubunden eintal, til dømes hokjønn lita mot hankjønn liten. I mange dialektar gjeld det berre dette eine adjektivet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.