Den eldste norske landskapslova, Gulatingslova, som kan gå tilbake til 1100-talet, nemner ikkje buslit eller buslitmann, men Frostatingslova frå 1200-talet tek høgde for at både leiglending og jorddrott kunne vera buslitsmenn. Om ein leiglending ikkje lukkast i å leiga seg eit nytt gardsbruk når leigeavtalen gjekk ut, vart han rekna som buslitsmann. Han hadde då krav på å få bruka halvparten av husa på garden og firedelen av graset fram til sumaren, før han måtte flytta frå garden. Om jorddrotten sjølv vart buslitsmann, kunne han flytta inn på gardsbruket han hadde leigd ut om han sa frå til leiglendingen før jul og gav han eitt års leige. Han måtte også sverja ein eid på at han var buslitsmann.
Seinare lover reknar berre jorddrottar, ikkje leiglendingar, som buslitsmenn. Avsnittet om jorddrotten som buslitsmann vart ført vidare frå Frostatingslova til Magnus Lagabøters landslov frå 1276. Innhaldet i Landslova, no i dansk språkdrakt, finn me att i Christian 4s norske lov frå 1604 med mindre endringar. Jorddrotten måtte no eiga minst halvparten av jorda, og dermed rå for bygselen (leiga), om han skulle gjera bruk av buslitsretten. I staden for eitt års leige skulle leiglendingen få betalt tilbake førstebygselen, innfestingsavgifta som var innført på 1500-talet, eller verta kompensert etter kor lenge han hadde sete på jorda. Ei nemnd på seks menn skulle i så fall avgjera kor stor denne kompensasjonen skulle vera.
Vurderinga frå ei nemnd kan ha kome inn frå ein recess frå 1565 som gav ein busliten jorddrott lov til å seia opp ein leiglending som hadde rydda ein gard som hadde lagt øyde (øydegard). Vilkåret var at leiglendingen sjølv ikkje eigde noko i garden, og at det måtte ha gått minst tre år frå garden vart rydda. Nemnda på seks menn skulle avgjera kor stor kompensasjon rydningsmannen skulle ha.
Alternativet med godtgjersle etter seks menns vurdering er teke bort i Christian 5s norske lov frå 1687. No skulle den oppsagte leiglendingen få tilbake førstebygselen og eventuelt verta kompensert for utlegga han hadde hatt på bygningane på garden utover det lova fastsette i åbot. Framleis skulle jorddrotten sanna at han var buslitsmann gjennom ein eid. Jorddrotten måtte også eiga minst halvparten av jorda og dessutan rå for bygselen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.