Content-Length: 47271 | pFad | https://snl.no/house

house – Store norske leksikon
Dansarar
Dansande folkemengde på houseparty.
Av /Pexels.
DJen Frankie Knuckles i 1990
DJen Frankie Knuckles var ein av stilskaparane av house. Til å byrje med var det i hovudsak afrikansk-amerikanske og latin-amerikanske homofile menn i housemiljøet.
DJen Frankie Knuckles i 1990
Av /Getty.

House er ein av dei mest sentrale musikksjangrane i elektronisk dansemusikk (EDM).

Faktaboks

Uttale

haus

House har sitt opphav frå Chicagoklubben The Warehouse i 1977. Etter ei oppblomstring i USA tidleg på 1980-talet, spreidde housemusikken seg etter nokre år til Europa. Særleg populær blei han i Storbritannia. I byrjinga henta house mykje inspirasjon frå diskomusikk, med samstundes påverknad frå utviklinga av trommemaskiner.

I dag blir house spelt på klubbar verda over, og mange artistar i populærmusikken nyttar element frå house i sine musikalske uttrykk.

Det finst mange undersjangrar av house, og dei har ein del fellestrekk. Mellom anna går musikken i 4/4-takt, og han har eit tempo på mellom 115–140 taktslag i minuttet. Housemusikken følgjer eit syklisk formprinsipp og har korte, repeterande rytmiske og melodiske strukturar. Sjangeren kombinerer ofte samples frå disco, funk eller soul med utprega bruk av trommemaskiner og synthesizerar.

Historie

I 1977 opna klubben The Warehouse i Chicago, med DJ-en Frankie Knuckles i ei sentral rolle. Til å byrje med var det hovudsakleg afroamerikanske og latinamerikanske homofile menn i housemiljøet. Etter kvart som populariteten til sjangeren auka, utvida også klientellet seg. Musikken frå klubbmiljøa i Chicago og USA blei introdusert til Storbritannia via New York i 1986 og middelhavsøya Ibiza året etter. House blei særs stort i London og etter kvart også ei britisk eksportvare, då som ein del av ei underhaldningspakke kalla Acid House parties – betre kjent som rave.

Historisk sett er house ein direkte etterkomar av diskomusikk, men sjangeren er også inspirert av både gospel, soul, funk og R&B. Dei amerikanske DJ-ane som utvikla house, tok plater frå desse stilartane og remiksa dei for å gjere dei tilgjengelege og passande for dansegolvet ved å tilføre perkusjon frå nyutvikla trommemaskiner.

I byrjinga var housetracks nokså enkle og bestod av eit trommemønster, ei ukomplisert bassline, nokre synthesizerar samt sporadisk bruk av vokal. Gjennom bruk av ny teknologi blei housemusikken gradvis hybridisert.

Tempoet på eit housetrack kan variere frå 110 til 140 taktslag i minuttet, men ligg som regel kring 125 til 128. Enkle, repeterande rytmiske og melodiske mønster, samt effektar, blir lagt lag på lag etter 2, 4, 8 eller 16 takter, noko som skapar ein kompleks og variert heilskap. House kan vere både med og utan vokal. Blir det nytta vokalsampel, er dei klipte opp og digitalt redigerte. Vokalinnslaga er repeterande og stemningslyftande, sentrert rundt ord som «freedom», «love», «hope» og «community». Dette er kopla til eit kjerneomgrep i klubbkultur; PLUR, som står for Peace, Love, Unity og Respect.

Mangfaldet som har vakse fram gjennom åra har resultert i ein fragmentert og omfangsrik sjanger, der ei lang rekkje undersjangrar strekkjer seg mot ulike estetiske lydideal. Deep house, minimalistisk house, acid house, Chicago house, fransk house, progressiv house og tropisk house er typiske døme på det.

Sentrale aktørar

Frankie Knuckles, Jesse Saunders og Larry Levan var nokre av dei sentrale DJ-ane frå den tidlege utviklinga av house. I nyare tid blir ofte Daft Punk, Justice og Madeon nemnt som representantar for den franske housen. Sentrale britiske houseaktørar har vore Faithless, Basement Jaxx, Paul Oakenfold og 808 State.

Viktige DJ-ar frå dei seinare åra frå diverse housesjangrar er Armand Van Helden, Deadmau5, Calvin Harris og Wolfgang Gartner. Frå Skandinavia kan ein vise til store housestjerner som Swedish House Mafia og Avicii.

Relaterte sjangrar

Saman med garage blir house rekna som ein opphavleg EDM-sjanger, som blant anna techno, trance og rave spring ut ifrå. Andre relaterte sjangrar i EDM er: dubstep, drum’n’bass og elektronika.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://snl.no/house

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy