Content-Length: 76341 | pFad | https://snl.no/kakao

kakao – Store norske leksikon
Kakaobønner og kakaopulver
Kakaobønner og kakaopulver
Av /Shutterstock.
Kakao

Europearane sitt første møte med kakao var i 1519, då dei spanske erobrarane blei serverte denne drikken under eit møte med aztekarhøvdingen Montezuma. Kakaobønner blei tekne med til Europa, men det var først rundt midten av 1500-talet at kakao blei ein ynda drikk ved det spanske hoffet. I løpet av nokre tiår spreidde bruken av kakao seg til resten av Vest-Europa. Det første engelske Chocolate House blei opna i London i 1657.

Kakao
Av /Shutterstock.

Global produksjon av kakao

tidspunkt tonn
1961 1186344.0
1962 1213517.0
1963 1280491.0
1964 1544590.0
1965 1229159.0
1966 1344376.0
1967 1390511.0
1968 1246581.0
1969 1418863.0
1970 1543399.0
1971 1638853.0
1972 1510723.0
1973 1402063.0
1974 1556439.0
1975 1561625.0
1976 1366511.0
1977 1452505.0
1978 1495374.0
1979 1659869.0
1980 1670637.0
1981 1735254.0
1982 1615319.0
1983 1604641.0
1984 1810579.0
1985 2013982.0
1986 2118377.0
1987 2055901.0
1988 2563305.0
1989 2640977.0
1990 2532122.0
1991 2521946.08
1992 2677030.92
1993 2672283.72
1994 2671268.65
1995 2985764.79
1996 3237670.67
1997 3017083.12
1998 3302840.27
1999 2975444.16
2000 3338446.71
2001 3222354.04
2002 3298178.12
2003 3705144.75
2004 4069753.28
2005 4043867.67
2006 4299922.41
2007 3898909.87
2008 4265983.94
2009 4211454.86
2010 4328769.53
2011 4553617.54
2012 4613754.52
2013 4486395.35
2014 4742114.16
2015 4817236.1
2016 4777618.84
2017 5235269.43
2018 5505866.86
2019 5520075.04
2020 5606584.09
2021 5759894.6
2022 5602558.97
2023 5600100.42
Kilde: FAOSTAT

Kakao er eit tre i kattostfamilien som veks vilt i Sør-Amerika. Frøa, som blir kalla kakaobønner, er ein viktig ingrediens i sjokolade.

Faktaboks

Uttale

kakao

Etymologi
spansk cacao, frå mesoamerikanske språk som maya kakaw, mixe kagaw, nahuatl cacahuatl

Plantedeler som nyttast: Frøa (kakaobønnene), tørka og malt.

Smak: bitter, sjokoladesmak.

Vitskapeleg namn
Theobroma cacao
Årleg global produksjon
5,6 millioner tonn (2021)

Kakaotreet blei allereie dyrka i Sentral-Amerika då spanjolane kom dit. Av frøa (cacaguate) blei det laga ein drikk (cacahoatl). Kakaobønnene kom til Europa først ved byrjinga av 1500-talet.

Kakao
Kakaofrukt (gul), kakaobønner, hakka kakaobønner, kakaosmør og sjokolade
Kakao
Av /Shutterstock.

Treet

Kakao (modne frukter)

Kakaotre med modne frukter

Av /KF-arkiv ※ Bildet er hentet fra papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.
Kakao (bønner i fruktmasse)

Kakaobønner i fruktmasse (lengdesnitt)

Av /KF-arkiv ※.

Kakaotreet blir inntil 15 meter høgt. Det har store, blanke, heilranda blad og små blomar som veks direkte ut frå sjølve stammen eller greinene, utan at det sit blad under dei (kauliflori).

Frukta, som er ein inntil 20 centimeter lang, gulraud kapsel, inneheld 50–75 lyse frø, det vil seie kakaobønnene, som er ordna i fem rekkjer i ein søtleg masse. Frøet er 2–3 centimeter langt, flattrykt og eggforma. Det tynne og sprø frøskalet omgir eit stort embryo (kime).

Bruk

Kakaobønner er både nytings- og næringsmiddel. Den største mengda kakaobønner blir brukt i sjokoladeindustrien, der kakaomasse blir blanda med omtrent lik vekt sukker, og andre stoff som fløyte, kaffi, mandlar, mjølk, krydder og så vidare, som bidreg til å gjere sjokoladen velsmakande.

Bortsett frå den mest kjende bruken i sjokolade, konfekt, kaker og dessertar, blir kakao også brukt i sausar og kjøttrettar. I Spania og Italia blir kakao brukt til å setje smak på viltsausar. I Mexico blir kakao brukt i ei rekkje rettar, til dømes i «nasjonalretten» mole (som eigentleg betyr saus).

Pasta-kakao (kakaomasse) er ein mørkebrun, fast masse som ein får ved å måle rista og skrelte kakaobønner mellom varme jernvalsar ved 130–140 °C. Pasta-kakao blir mellom anna brukt ved drasjering (overtrekking) av piller og tablettar.

Kakaosmør, oleum cacao, blir vunne ut som biprodukt ved framstilling av kakaopulver. Det blir framstilt ved varm pressing av rista, skrelte og oppmalne kakaobønner. Det er eit fast, gulkvitt feitt (smeltepunkt 30–35 °C). I tillegg til bruk i produksjon av sjokolade og andre næringsmiddel blir det brukt i farmasien som masse for stikkpiller og piller, som bestanddel i kremar og salvar med meir.

Mann bruker en stokk til å legge kakaobønner ut for tørk.
En bonde tørker kakaobønner i Elfenbenskysten.
Foto av tørking av kakaobønner
Av /Reuters/NTB.

Næringssamansetjing

Kakaobønner inneheld teobromin (1,4–2,5 prosent i embryoet og 0,3–1 prosent i skalet) og koffein (0,1–0,8 prosent). Desse to stoffa finst sannsynlegvis i dei friske frøa som glykosid. Andre bestanddelar er feitt (kakaosmør, 40–56 prosent), stivelse (7–17 prosent) og protein.

Produksjon

Cocoa farmers during harvest time.

Kakao under innhausting

Kakaotreet er eit av dei viktigaste kulturtrea i tropane og blir dyrka i alle tropiske område. Fordi det ikkje toler for sterk sol eller vind, må det vernast ved skuggetre. Til det bruker ein særleg bananplantar og Erythrina corallodendron, «mor til kakaotreet».

Etter haustinga blir kakaobønnene frigjorde frå massen rundt og dekte til med bananblad eller liknande før dei får gjære i basseng av sement eller tre. Deretter blir dei tørka. Ved denne behandlinga blir dei farga raud- eller brunfiolett og får ein mild, aromatisk smak.

Historie

Kakaoboks
Kakao. Rektangulær blikkboks med hengsla lokk. På kvar av dei fire sidene av boksen er det trykt på ein fugl, mellom anna to eksemplar av marabustorken og ein pingvin. Lokket har også ein stork.
Av /Dino Makridis/Sverresborg Trøndelag Folkemuseum.

Kakaotreet kjem opphavleg frå Sør-Amerika og veks framleis vilt i regnskogsområde i Amazonas. Treet blir dyrka over store delar av den tropiske verda. Landa i Vest-Afrika er i dag dei klart største produsentane og eksportørane av kakao.

Mayaene brukte kakaobønnene, som dei kalla cacahuatl (opphavet til ordet kakao), i ein heilag drikk blanda med mellom anna vanilje og chili. Dei trudde at kakaoplanten var ei gåve frå gudane. Det latinske namnet Theobroma, som betyr «gudemat», er inspirert av dette. Aztekarane kalla planten xocolatl, som er opphavet til ordet sjokolade.

Europearane sitt første møte med kakao var i 1519, då dei spanske erobrarane blei serverte denne drikken under eit møte med aztekarhøvdingen Montezuma. Kakaobønner blei tekne med til Europa, men det var først rundt midten av 1500-talet at kakao blei ein ynda drikk ved det spanske hoffet. I løpet av nokre tiår spreidde bruken av kakao seg til resten av Vest-Europa. Det første engelske Chocolate House blei opna i London i 1657.

Etter kvart blei kakaoplantasjar etablerte på Filippinane, som var spansk koloni, og i franske område i Karibia og seinare i Vest-Afrika.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Theobroma cacao
GBIF-ID
3152205

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://snl.no/kakao

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy