Det svenske angrepet blei sett i verk om morgonen 26. juli. Dei første sjøstyrkane gjekk ut frå Strömstad med eitt klart mål – Hvaler-øyane, der dei også var venta. Den norske kommandørkapteinen Thomas Fasting hadde 33 kanonsjaluppar og sju kanonjoller til rådvelde. Desse var utplasserte i Skjærhalden og Helleskilen på Kirkøy, ved Røed og Negården på Søndre Sandøy og i Gravingsundet på Nordre Sandøy. I tillegg var det montert provisoriske landbatteri på desse tre øyane og på Arisholmen.
Det første svenske angrepet blei hindra av regn og vindstille forhold, og først dagen etter hadde svenskane nådd Sekken utanfor munningen av Dynekilen. No openberra omfanget av den svenske sjøstyrken seg under leiing av generaladmiral Johan af Puke. Synet av den overveldande svenske styrken fekk den norske Hvaler-sjefen, kommandørkaptein Fasting, til å forstå at her hadde dei alt å tapa ved å ta opp kampen. Dessutan hadde han fått ordre av kong Christian Frederiks adjutant om at roflotiljen ikkje måtte bli utsett for risiko. Fasting vedtok å trekkja seg nordover mellom Hvaler-øyane for deretter å setja kursen vestover, tvers over Christianiafjorden mot førebels tryggleik ved Vallø.
Svenskane oppdaga snart at kanonbåtane ved Hvaler hadde sloppe unna. Dette ergra kronprins Karl Johan sterkt. Ønsket hans var å setja den norske roflotiljen ut av stand til å gjera militær motstand. Men oppgivinga av Hvaler hadde ein stor fordel sett med svenske auge. No låg vegen til Fredrikstad vidopen, og det same gjaldt vegen over Svinesund og tilkomsten til Fredriksten. 28. juli hadde svenske sjøstridskrefter trengt seg fram til Fredrikstad. Det norske landforsvaret av Kråkerøy, sør for festningsbyen, blei oppgitt. Alt var klart for eit svensk angrep på byen og festninga.
Den svenske hæren, med ein hovudstyrke på to armékorps, hadde enno ikkje rørt på seg. Nordmennene var utan sikker etterretning om kvar det svenske angrepet ville koma frå. Det kunne koma mot Ørje og utvikla seg direkte mot Christiania, men det var også mogleg at det ville koma mot Kongsvinger–Elverum eller mot vestsida av Christianiafjorden. Det mest trulege var eit angrep frå sør, frå Bohuslän mot Svinesund og Fredriksten. Dei norske troppane blei difor utplasserte slik at dei kunne ha Glomma som forsvarslinje.
Det siste alternativet blei det faktiske. 30. juli 1814 rykte von Essen med armékorpset sitt over grensa lengst mot sør, mot Prestebakke. I vegen for han stod den norske kapteinen Johan Henrik Spørck med tre kompani. Spørck måtte vika for overmakta, og trekte seg tilbake frå Prestebakke til Idd og vidare til Tistedalselva ved Halden. Svenskane følgde langsamt etter.
Svenskane kunne byrja omleiringa av Fredriksten og byen Halden. Det gjekk hardt utover Halden, men festninga var uinntakeleg. Inkje svensk bombardement hjelpte, og festningskommandør Johan Andreas Cornelius Ohme ville ikkje overgi seg.
I dagane som følgde, skjedde to viktige storhendingar: 4. august kapitulerte Fredrikstad festning. Utan norsk nærforsvar på Kråkerøy, utan forskansingar og nesten utan artilleri såg ikkje kommandant Nils Christian Hals annan utveg enn å heisa kvitt flagg. Oppgivinga av Fredrikstad festning blei skarpt kritisert i samtida, og Hals blei dømt til døden, men seinare benåda.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.