Llanoshokko er ein middels stor hønsefugl i hokkofamilien og har naturleg utbreiing i Sør- og Mellom-Amerika.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Ortalis ruficauda
- Beskriven av
- Jardine, 1847
Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang, hannfuglar veg rundt 640 gram og hofuglane rundt 540 gram.
Arten er knytt til jordbruksland, fuktig tropisk skog, tørr savanne og tørr tropisk buskmark. Llanoshokko er ein planteetar som lever av frukt og plantedelar som han finn i buskar og i tre.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 25 dagar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.