Innan politisk retorikk er det svært vanleg å bruke metaforar. Den britiske metaforforskeren Jonathan Charteris Black har teke for seg metaforane til amerikanske presidentar og britiske politikarar.
George W. Bush sine metaforar var prega av Irak-krigen og framstilte til dømes den islamske verda som eit barn som trong USA til å ta vare på seg. I tillegg vart Saddam Hussein og hans allierte framstilte som Axes of Evil («vondskapens akse»).
Den britiske statsministeren Tony Blair brukte dei konseptuelle metaforane POLITIKK ER ETIKK og MORAL ER KONFLIKT for å rettferdiggjere Irak-krigen. Den underliggande myten vart kampen mellom det gode og det vonde, der det vonde viste seg å vere Osama Bin Laden og seinare regimet til Saddam Hussein, som også vart kalla the Nazi evil.
Margaret Thatcher, som var britisk statsminister frå 1979 til 1990, hadde dei konseptuelle metaforane POLITIKK ER KONFLIKT og SAMFUNNET ER EIN FRISK ELLER SJUK ORGANISME. Når politikk vert forstått som konflikt, blir for eksempel arbeidsløyse, inflasjon og kriminalitet noko ein må bekjempe, mens årsakene forblir skjulte. Når samfunnet vert forstått som ein frisk eller sjuk organisme, blir metaforar om helse og sjukdom brukte til å evaluere grupper og ideologiar i samfunnet. Det sunne og friske vart relatert til det konservative partiet, mens det sjuke hadde med det britiske arbeidarpartiet å gjere. Slik sett vart sosialisme framstilt som ein framand sjukdom i det britiske samfunnet.
Under koronapandemien brukte myndigheitene mange krigsmetaforar i omtale av koronaviruset («slå ned», «vinne kampen mot» og liknande), og i omtalen av flyktningar og asylsøkarar har det blant politikarar og journalistar vore vanleg å bruke metaforar knytte til katastrofar i naturen, som flom, flodbølgjer og strid straum. Dette gir oss høve til å forstå flyktningar og asylsøkarar som naturkatastrofar, som vi følgjeleg må demme opp for og verje oss mot.
Metaforar kan både framheve og skjule. Ved å bruke naturkatastrofar som kjeldeområde for å beskrive flyktningeproblemet, blir det framheva at dette er noko som skjer heilt av seg sjølv. Det er uinteressant kva som er årsaka, og det er definitivt ingen å klandre for at det skjer. Det einaste vi treng å fokusere på, er å unngå dei uheldige konsekvensane for oss sjølve. Det som blir skjult med denne metaforbruken, er årsakene til at det aukande flyktningeproblemet, nemleg klimakrise, krig og undertrykking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.