Tibethøne er ein stor hønsefugl i fasanfamilien og har naturleg utbreiing i Asia.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Tetraogallus tibetanus
- Beskriven av
- Gould, 1854
Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang, hannfuglar veg rundt 1,6 kilo og hofuglane rundt 1,4 kilo.
Arten er knytt til temperert grasmark, og fjellsider og knausar. Tibethøne lever av plantedelar som han finn på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt seks egg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.