Content-Length: 208124 | pFad | https://www.visitulvik.no
Velkommen til Ulvik – Poesi, natur og livskvalitet i hjarta av Hardanger
Ulvik er ei lita og gjestfri bygd inst i Hardangerfjorden. Omgjeven av bratte fjell, grøne dalar og frukthagar, finn du eit stort mangfald av naturopplevingar, kulturaktivitetar og lokal mattradisjon.
Ulvik er medlem av Cittaslow-nettverket – ei internasjonal rørsle for livskvalitet, berekraftig turisme og gode lokalsamfunn. Samstundes er Ulvik kjend som poesibygda i Noreg, heimstaden til diktaren Olav H. Hauge.
Her kan du vandra i landskapet som inspirerte diktinga hans, besøke Olav H. Hauge-senteret, og oppleva ein rolegare rytme – i samsvar med natur og kultur.
I Ulvik finn du òg Noregs einaste Frukt- og Sider-Rute, der du kan vitja gardar, smaka lokal sider og læra meir om fruktdyrkinga i Hardanger.
Enten du vil gå i fjellet, padla på fjorden, eller oppleva kunst og historie, har Ulvik noko for dei fleste.
Legg turen til Ulvik og opplev det beste av Hardanger – i ditt eige tempo.
Sigri Sandberg er på turne med boka som er ute, og klar for å møta sitt lydhøyre publikum. Me er svært glade for at ho svingar innom Ulvik på sin veg, og håpar publikum i alle aldrar vil ta turen denne kvelden. Som Sigri sjølv skriv i boka: For du og eg, me er natur, og me er heilt avhenging av at han fungerer! Arrangementet er i samarbeid med Ulvik SV og skulen på Hjeltnes. Kr 100 vaksen / kr 50 student
Tradisjonen tru ynskjer gardane langs Frukt- og siderruta velkomne til vakre Ulvik i mai, det er bløming og årets sider er tappa og klar!
Yppal, klokka 21.00 Foreningen for By og Bygd speler småskeiv country på nynorsk. Dei synest teksten er halve poenget og songane handlar ofte om å bli dumpa, eller om å køyre bil rundt på vestlandet. Bandet har masse erfaring med begge deler har dei lånt frå den tidlegaste homo-organiseringa i Noreg, frå tida då alt måtte vera hemmeleg og diffust. I tillegg vinglar bandmedlemene stadig mellom by og bygd, slik alle gode folk gjer. Dette er foreininga du ikkje visste eksisterte, men no vil teikne livstidsmedlemskap i. Dei siste åra har bandet turnert opp og ned langs vestlandskysten og i år kjem også bandet med sitt fyrste album!
Med sine høge fjell, langstrakte fjord og idylliske fruktgarder, er Ulvik den perfekte staden for ein aktiv ferie. Både for deg som vil gå ein roleg søndagstur i bygda, og for deg som vil bestige ein spektakulær fjelltopp. Her er våre beste tips til ein aktiv ferie, både på land og i vatnet.
Opplev tradisjonar og fantastisk matkultur du seint vil gløyma.
Ulvik har ei lang og rik kulturhistorie. Innerst i «Perla» ligg ei rekke spanande og fascinerande spor av tida som var, med godt bevarte kulturminne i eit samfunn i stadig utvikling.
Når ein reiser i Hardanger er det flotte utsiktspunkt over alt. I Ulvik er det utsyn over fjord og fjell kvar du snur deg. Men om ein er ute etter det store utsynet kan vi hjelpe deg med å finne fram til nokre av dei beste utsiktspunkta.
Ulvik er ein leikeplass for både små og store! Legg Noregsferien til bygda for ein fartsfylt og minnerik ferie i idylliske Hardanger. Klikk her for våre beste tips for familieferien i Hardanger.
Nokre ting berre passar ekstra godt saman. Slik er det med frukt og Hardanger.
Lurer du på korleis du kjem deg til Ulvik? Det er enkelt – anten du kjem med to eller fire hjul, langs sjøvegen eller til fots. Sjå her for informasjon om reisa inn til Ulvik.
Under opphaldet ditt i Ulvik kan ein fort trenge både det eine og det andre. Kanskje bilen stoggar, eller du treng legehjelp? Her er ei hendig oversikt over smått og stort for opphaldet ditt i bygda.
Me har serviceanlegg i underetasjen på Olav H. Haugesenteret.
Opningstid 07.00 – 23.00
Her er dusj, toalett og moglegheit for klesvask for båtfolk.
Drivstoff kan ein fylle på tankanlegget på Hjeltneskaia, på motsatt side av fjorden.