Eit direktorat er eit stort kontor, med mange tilsette, som blir styrt av eit departement. I 2024 var det 72 direktorat i Noreg, for eksempel
- Miljødirektoratet, som jobbar med klima, natur og forureining
- Skattedirektoratet, som bereknar og krev inn skatt for staten
- Helsedirektoratet, som gjev råd om helse til alle som bur i Noreg, og politikarar som jobbar med helsepolitikk
Mange av direktorata kan ta avgjerder på vegner av staten. For eksempel bestemmer Miljødirektoratet kven som får lov til å sleppe ut stoff som kan forureine, og kor mykje dei kan sleppe ut.
Nokre direktorat blir kalla tilsyn. Dei har i oppgåve å kontrollere at reglar blir følgde. For eksempel kontrollerer Mattilsynet at restaurantar lagar mat på ein rein og trygg måte.