Content-Length: 30335 | pFad | https://lille.snl.no/kattedyr

kattedyr – Lille norske leksikon
kattedyr med striper

Ozelot er eit kattedyr som finst frå sørlege delar av USA, via Mexico og Mellom-Amerika til nordlege Argentina og sørlege Brasil.

Av /NTB ※.
grå fluffy katt på ein trestamme

Steppekatten er eit kattedyr som lever på steinete stepper i Asia, frå Iran til Kina og Mongolia.

Foto av steppekatt
Av .
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Kattedyr er ei gruppe ville pattedyr. Det finst 39 artar, og alle er rovdyr. Dei tamme kattane folk har som kjæledyr, høyrer òg til kattedyra.

Det einaste ville kattedyret i Noreg er gaupa. Kattedyra lever vilt over heile verda, unnateke i Australia, på New Zealand, Madagaskar og på øya Ny-Guinea.

Beskriving

kattedyr med prikkar i høgt gras

Servalen er eit kattedyr som lever på savannen i land sør for Sahara i Afrika.

Foto av serval
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Alle kattedyr har sterk kropp som er tilpassa jakt på byttedyr. Dei fleste snik seg innpå byttedyret før dei spring raskt etter eller hoppar på bytet.

Alle har skarpe hjørnetenner og sterke kjevar som kan bite fast og tyggje bytet. På føtene har dei lange klør som dei kan trekkje inn i poten. Unntaket er geparden, som alltid har klørne ute.

Dei aller fleste kattedyr lever åleine. Berre hoer med barn lever saman. Løvene er mest sosiale og lever i saman i flokkar.

Nokon artar av kattedyr:

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Eli Knispel Rueness
Dr. scient., Universitetet i Oslo








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://lille.snl.no/kattedyr

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy