Han var politisk rådgivar for SV på Stortinget frå 1999 til 2001, deretter partisekretær frå 2001 til 2005 og var nestleiaren i partiet frå 2007 til 2015.Frå 2009 til 2017 var han stortingsrepresentant for Akershus, og parlamentarisk leiar for SV frå 2009 til 2012.
I Stoltenberg II-regjeringa var Solhjell først frå 2005 til 2007 statssekretær ved Statsministerens kontor. Deretter var han kunnskapsminister frå 2007 til 2009 og frå 2012 til 2013 var han miljøvernminister og samtidig avløysaren til statsministeren.
Solhjell gjekk ut av politikken etter stortingsvalet i 2017, og i 2018 vart han tilsett som generalsekretær i Verdas Naturfond WWF Norge. Denne stillinga hadde han ut 2019, då han 8. november 2019 vart utnemnd til åremålsstillinga som direktør i Norad for fire år. Frå 2025 er han direktør i Fornybar Norge.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.