Donna Haraway er ein amerikansk forskar som har influert fleire forskingsfelt gjennom verk om tilhøvet mellom menneske og maskin, menneske og dyr samt mellom feminisme, politikk og vitskap. Haraways forfattarskap utgjer knapt éin teori; det er snarare ein tverrfagleg og sjølvmedviten praksis. Ho trekk vekslar på alt frå poststrukturalisme og semiotikk til moderne evolusjonsbiologi og primatologi, for å syne korleis historiane vi fortel om oss sjølv og kvarandre, er med på å strukturere liva og handlingane våre. Samstundes leitar ho etter nye måtar vi kan artikulere oss sjølve på.
Haraway er professor emerita ved the History of Consciousness Department og Feminist Studies Department ved University of California. Ho skreiv doktorgraden sin i biologi ved Yale University i 1970 – ein avhandling som omhandla nyttinga av organiske metaforar innanfor biologisk forsking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.