Content-Length: 44117 | pFad | https://snl.no/Frithjof

Frithjof – Guttenavn. Betydning og bruk – Store norske leksikon

Frithjof er eit mannsnamn. Det er ein variant av Fridtjof som kjem av det norrøne Frið-þjófr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘fred’ og etterleddet ‘tjuv’.

Far til Fridtjof Nansen hadde denne stavemåten i namnet sitt: Baldur Frithjof Nansen (1817–1885).

Namnet har fleire variantar: Fridjof, Fridthjof, Fridthjov, Fridtjof, Fridtjov, Frithjof, Frithjov, Fritjof, Fritjov.

Kjende personar med namnet Frithjof

Eit utval personar med namnet Frithjof, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 1100 menn (fødde i Noreg) som hadde Frithjof som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for variant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Fridtjof og Frithjof slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Det var etter alt å dømme Fridtjof Nansen som inspirerte til den store populariteten for Fridtjof og Frithjof rundt år 1900. I den fyrste stigningsfasen – frå midten av 1800-talet – var det nok diktverket «Frithiofs saga» (1825) av Esaias Tegnér som førte til framgang for namnet. Dermed kan det fyrste oppsvinget for namnet knytast til den nordiske namnerenessansen.

Utvikling i bruk av namnet Frithjof frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Frithjof frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://snl.no/Frithjof

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy