I Riksforsamlinga vart arbeidet med Grunnlova organisert slik at ein særskild konstitusjonskomité med 15 medlemer vart oppnemnd for å lage eit utkast som forsamlinga skulle ta standpunkt til. Falsen vart vald til president i komiteen og Christian Adolph Diriks til sekretær. Andre viktige medlemer var Herman Wedel Jarlsberg, Peter Motzfeldt, Georg Sverdrup og Nicolai Wergeland.
I hovudsak utarbeidde denne komiteen Grunnlova, Komitteen arbeidde på grunnlag av det trykte utkastet frå Adler og Falsen. Først forma komiteen 11 grunnsetningar som vart lagt fram for Riksforsamlinga. Forsamlinga slutta seg heilt til 9 av dei, endra éi og let vere å vedta den om allmenn verneplikt som var svært omstridd. Grunnsetningane vart følgde ved den endelege utforminga av grunnlovsteksten.
Utgangspunktet var at Noreg skulle vere eit «indskrænket og arveligt Monarkie», det skulle vere eit fritt, uavhengig og udeleleg kongerike og regenten skulle føre tittel av konge. I den andre og tredje grunnsetninga vart det fastsett at folket gjennom sine representantar skulle utøve den lovgivande makta og ha retten til å påleggje skattar. Krigs- og fredsretten og retten til å benåde skulle tilhøyre regenten. Eit maktfordelingsprinsipp mellom lovgivande, dømmande og utøvande makt var fastsett i ei grunnsetning.
Så var det tre setningar om ulike fridommar. Desse var trykkefridom, næringsfridom og religionsfridom, men den siste vart svært utvatna og fastslo at den evangelisk-lutherske religion skulle vere statsreligion og at jødar framleis skulle vere nekta tilgjenge til riket (jødeparagrafen). Dei to siste setningane galdt likskap. Heretter skulle ingen få arvelege forrettar, slik som adelsrettar, og verneplikta skulle vere allmenn, men den siste vart altså ikkje vedtatt.
I tillegg til det Adler-Falsenske grunnlovsutkastet i den omarbeidde forma hadde konstitusjonskomiteen mottatt mange andre utkast. I dag er 27 utkast kjende, truleg fanst det endå fleire. Til dels var dei ufullstendige. Dei tre andre mest omfattande var laga av Niels Treschow, Georg Sverdrup og Christopher Anker Bergh og Nikolai Wergeland.
Nesten alle utkasta, bortsett frå nokre bondeutkast som berre tok opp få spørsmål, var prega av utanlandske førebilete. Idéhistorisk var ikkje den norske grunnlova spesiell. Den var ei av svært mange i den store konstitusjonelle perioden, frå den amerikanske sjølvstendefråsegna frå 1776 via den franske revolusjonserklæringa frå 1789, og som enda med Wien-kongressen og ein allmenn konservativ reaksjon i Europa med styrking av tradisjonell kongemakt. Til skilnad frå svært mange vart den norske grunnlova ståande. Og i detaljane har ho si spesifikke utforming. I statsretten er det ofte dei som avgjer. Utforminga er prega av at Eidsvollsmennene kjende godt og valde medvite mellom ulike løysingar som var komne til uttrykk i den internasjonale bølgja. Med endringane hausten 1814 på grunn av den påtvinga unionen med Sverige, vart Grunnlova ståande gjennom 1800-talet. Unionen med Sverige gjorde at nordmennene heldt fast ved Grunnlova slik den var utforma, også i tilfelle der ein kunne ha ønskt seg endringar.
Etter grunnsetningane var vedtatt, utarbeidde komiteen utkast til ei samla grunnlov på 113 paragrafar. At det har skjedd ei sterk omforming i komiteen er tydeleg når ein veit at det Adler-Falsenske grunlovsutkastet var på 226 paragrafar. Under leiing av Falsen har komiteen kutta ut generelle menneskerettsprinsipp og detaljerte reglar som kunne høyre heime i vanleg lov. Grunnlova vart mykje meir praktisk juridisk enn det Adler-Falsenske utkastet.
Når ein skriv om Riksforsamlinga i 1814, lar ein ofte spørsmålet om sjølvstende eller union med Sverige overskygge arbeidet med innhaldet i grunnlova. I dette gjekk motsetningane ofte langs andre linjer. Det er påfallande at den endelege Grunnlova vart meir demokratisk enn nokon av utkasta. Ein eigen dynamikk må ha prega arbeidet etter kvart som det vart drive hardt framover. Ein del spørsmål galdt reine klassemotsetningar, som spørsmålet om stemmevekta for folk på landet i motsetning til i byane, kor vid stemmerett skulle vere, oppheving av adelsrettar og spørsmålet om verneplikt for alle eller berre for bøndene.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.