Margrete Eriksdotter var svensk kongsdotter og norsk dronning. Ho var dotter av den svenske kong Erik den heilage. I 1185 vart ho gift med kong Sverre Sigurdsson, og saman fekk dei dottera Kristin.
Særleg den lengre versjonen av Baglarsagaen skildrar Margrete som vondskapsfull og intrigant.
Tilhøvet mellom Margrete og stesonen Håkon Sverresson var svært anstrengt etter at Sverre døydde og Håkon vart konge. Då Håkon plutseleg vart sjuk og døydde 1. nyttårsdag 1204, vart Margrete skulda for å ha forgifta han. For å fri seg frå mistanken, lét ho ein mann bere jern for seg. Han vart sterkt forbrent og difor drukna av kongsmennene. Margrete flykta til Sverige.
Ho døydde i Oslo like etter Kristins bryllaup med baglarkongen Filippus Simonsson.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.