Olaus Alvestad var ein norsk folkehøgskulelærar, redaktør og songbokutgivar.
Alvestad tok lærareksamen på Asker seminar i 1888 og var lærar fleire stader. Saman med Lars Eskeland grunnla han Voss folkehøgskule i 1895, og arbeidde der til 1902.
Han kjøpte avisa Hordaland på Voss saman med Lorentz Nybø i 1896 og var redaktør til 1903. Alvestad gav ut Norsk Songbok for ungdomsskular og ungdomslag i 1898. Dette vart ein av dei mest brukte songbøkene på 1900-talet, trykt i meir enn 130 000 eksemplar berre dei første tretti åra, og seinare gitt ut i ei rekkje nye utgåver, sist i 1998.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.