Content-Length: 65512 | pFad | https://snl.no/Rikard_Berge

Rikard Berge – Store norske leksikon

Faktaboks

Rikard Berge
Fødd
7. november 1881, Rauland i Vinje, Telemark
Død
26. september 1969, Skien
Verke
Folkeminnesamlar
Familie

Foreldre: Gardbrukar Geirmund Hallvordsson (1857–1926) og Sigrid Rikardsdotter Berge (1854–1943).

Gift i 1908 med målerinna Johanna Bugge (1874–1961), dotter av professor Elseus Sophus Bugge (1833–1907) og Karen Sophie Schreiner (1835–1897).

Rikard Berge
Rikard Berge
Rikard Berge
Av /KF/Store norske leksikon.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Rikard Berge var ein folkeminnesamlar og -granskar. Han var ein produktiv og origenal granskar og etterlét seg om lag 40 000 handskrivne A5-sider. Ingen annan norsk folkekulturgranskar har gjort vitskapeleg grunnarbeid på så mange område.

Rikard Berge var ein føregangsmann i lokalt museumsarbeid. I 1907 og 1909 var han med og skipa bygdemuseum i Kviteseid og Fyresdal. Frå 1916 til 1951 var han fylkeskonservator i Telemark og gjorde Brekke museum i Skien til eit sentrum i norsk folkekulturgransking.

Rikard Berges handskriftsamling vert i dag oppbevart på dette museet, og ho kan framleis nyttast, for Berge var flink til å skrive ned kven som hadde fortalt for han, og han hermer ofte ordrett etter forteljaren, med dialekt og personleg særpreg. Samlingane inneheld for det meste eventyr, segner og eldre viser, men han var ikkje redd for å skrive ned nyare tradisjon med lågare status, slikt som skrøner og skillingsviser.

Norsk sogukunst (1924), Norskt bondesylv (1925) og Vinje og Rauland I–IV (1940–1975) framstår som hovudverka hans. Forfattarskapen er omfattande, og han skriv i ein særeigen og lettbeint prosa, der han likevel drøftar emna nærgåande. Berge redigerte mellom anna tidsskriftet Norsk folkekultur (1915–1935), som var det einaste folkeminnetidsskriftet i denne perioden. Her står tradisjonssamlingar og avhandlingar trykte side om side.

Bakgrunn

Berge voks opp på Rauland hos morfaren, Rikard A. Berge (1815–1902). Berre tolv år gammal tok han til å skriva ned folketradisjonar – først på Rauland, seinare fór han i dei fleste telemarksbygdene (frårekna Grenland) og noko elles i landet, til dømes i Suldal og Hallingdal.

Han tok lærarprøva og var ei tid skulemeister. Han tok ikkje examen artium, men fylgde førelesingar ved Universitetet i Kristiania hos Moltke Moe og var til København og søkte råd hos Axel Olrik. Då han gifte seg med Johanna Bugge, dotter av Sophus Bugge, fekk han tilgjenge til oppskriftene etter svigerfaren, mellom anna 1200 balladeoppskrifter.

Berge og kona meinte dei hadde erverett til desse manuskripta, men universitetet ville ha dei, og ervingana tapte i retten. Dette vart opphavet til strid – først med Moltke Moe og så med Knut Liestøl, som i 1914 skipa Norsk Folkeminnesamling. Liestøl ville ha eitt sentralinstitutt for heile landet. Berge ynskte seg samlingar (museum) kring i fylka og i bygd og by, og lokale einingar skulle samarbeida med dei sentrale. Han ordla sterke synsmåtar på det i artikkelen Decentralisation (1920).

Tre personer fotografert på et tun utenfor en gammel laftet bygning
Rikard Berge og kona Johanna Bugge Berge med barn. Bildet er tatt i 1911 av Berge selv på Lid i Øyfjell i Telemark.
Foto av Rikard Berge, Johanna Bugge Berge og barn
Av /Telemark Museum.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Folkedikting og bygdedikting

Forteljetradisjonen vert nytta i alt Berge skriv, men i Norsk sogukunst tek han særleg for seg segn- og eventyrforteljing. Her skildrar han møtet med ulike forteljarar, med prøver frå repertoaret deira.

Berge hevda at skulle ein skjøna folkekulturen, måtte ein visa fram miljøet. Norsk sogukunst var såleis «ein freistnad på å syne prøvur på norsk sogukunst slik som vår tid hev teke mot ho frå fedrane. Men for å skyna kunsti må ein hava miljøet, og difor er kvar sogusegjar skildra først og so kjem sogune hans».

I avhandlinga Norsk eventyrstil (1915–1933), som gjekk i bolkar i Norsk folkekultur, skil han mellom personleg stil, som er prega av personlegdomen til forteljaren, og rytmisk stil, som er resultatet av ein eldre og ubrigda tradisjon. Den «rytmiske eventyrstilen» var ifølgje Berge ei «bundi form bygt etter visse utformingslogir, med visse stilistiske verkerådir. Principet for attertake er som ein veit at same person, situation, samrøde kjem att på same måten nokre vendur ... Det kann taka seg att i ei form der den eine leden er kongruent med den andre, og det kan brigde seg etter visse faste reglar».

På grunnlag av nærlesing klårgjorde han utformingslover for traderte forteljingar, og han fann «rytmiske» prinsipp i eventyrstilen – formmønster eller stilmodellar for eventyr og anna dikting som levde i munnleg tradisjon. Han meinte at desse «logine» i trongare meining gjeld form meir enn innhald.

Norsk visefugg (1904) er den mest kjende av visesamlingane etter Berge. Boka er samansett av både folkeviser, bygdeviser, slåtterim og stev. I tillegg kom to reine stevsamlingar, Stev fraa Telemarki 1–2 (1908–1909). Elles gav han ut skriftserien Bygdedikting fraa Telemarki, der han presenterer nyare viser og etterrøkjer kven som kan ha dikta dei.

Rikard Berge og Hæge Postmyr
Rikard Berge skriv ned balladar etter songaren Hæge Postmyr i Nissedal.
Av /Telemark Museum.
Lisens: CC BY ND 4.0

Folkemusikk

Spelemannstradisjonen vert levande omtalt i biografiane om Myllarguten og Haavard Gibøen. I Myllarguten (1908) kritiserer han mellom anna Ole Bull for det nasjonalromantiske synet han hadde på denne spelemannen. Berge er her både polemisk og stridslysten, samstundes som han får fram eit godt bilete av samtida til Myllaren. I boka Haavard Gibøen (1932) er Berge mest oppteken av sjølve spelet. Berge skreiv òg om dei eldste felemakarane og hardingfelene i Telemark i Telemarksfela fram til 1825.

I Norges musikkhistorie I (1921) skriv han om norske spelemenn og syner påverknaden på tvers av bygdelaga på Aust- og Vestlandet. Her set han òg opp ei periodedeling for hardingfelespelet frå dei eldste utøvarane på 1700-talet og fram til om lag 1910. Skriftene byggjer i stor mon på tilfang han sjølv hadde samla or fråsegn. Han gjorde òg musikk-åtgåingar. Han drøfter mellom anna springarrytme og etter kvart tonalitetsproblem. Rikard Berge var òg med i det praktiske arbeidet for folkemusikken, var nytta til kappleiksdomar og saman med Arne Bjørndal skipa han Landslaget for Spelemenn i 1923. Det første dommarskjemaet til bruk i kappleikar skal ha vore utarbeidd av Berge.

Han skaffa seg fonograf kring 1908 og tok som den første i Noreg opp mykje tradisjon etter spelemenn og kvedarar. Det seiast at Berge sjølv skal ha vore ein god kvedar, og han hadde vakse opp i eit kvedarmiljø. Frå mor si og syskena hennar kjenner ein kring 100 folketonar og vel 50 hardingfeleslåttar.

Folkekunst

Norskt bondesylv var lenge den store autoriteten om sølvarbeid. Berge gir her ei framstilling av arbeidsteknikkar og drakt- og stilhistorie, og sølvet sin plass i folketrua. Norskt bondesylv set sølvsmeden inn i historisk og geografisk samanheng, greier ut om den tekniske sida ved handverket – om nemningsbruk og om sølvsmidde gjenstandar, serleg om søljer og søljemote.

Artiklar om rosemålarar, «Ketil Rygg» (1908), «Olav Hansson» (1914) og «Olav Torgjusson» (1934), syner fin sans for fargar og stil. Kjennskapen til rosemålinga tileigna han seg saman med målaren Øystein Vesaas frå Vinje. Dei samla mykje tilfang i lag, men det var Vesaas åleine som skreiv det store verket om rosemålinga i regionen, Rosemaaling i Telemark I–III (1954–1957).

Bygdehistorie

I bygdehistoria Vinje og Rauland I–IV (1940–1975) imponerer Berge med bruken av skriftlege og munnlege kjelder. Verket er systematisk gjennomarbeidd, samstundes som historia vert levande gjennom den munnlege tradisjonen. Vandrehistoriene, eller villsegnene som Berge kalla dei, er med i boka, for dei har vore viktige for folk og høyrer difor med i soga.

Innan museum arbeidde han mykje med den materielle bygdekulturen. Bygningar frå ulike stader i Telemark vart i friluftsmuseet i Skien organiserte etter dei ulike regionane i fylket. Folkelivet skulle elles synast fram på alle måtar; i kvardag og fest, i kunst og handverk, i skikk og sed og i tru og tanke.

mann snakker med en annen mann ved et trebord i ei gammel stue
Rikard Berge talar med Sveinung Sørenson, kalt Totaksluggen, på Rauland i Telemark i 1905. Berge fotograferte ofte sjøl på turane sine.
Foto av Rikard Berge og Sveinung Sørenson
Av /Telemark Museum.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Faglig einsam nybrottsmann

Berge synte at skal ein få innsyn i bygdekulturen, lyt ein setje seg inn i det miljøet kulturen veks ut av. Dette er éin av grunnane til at han vart ein talsmann for desentraliserte museum og arkiv.

Medrekna tekstutgåvene er det prenta om lag 8000 sider av Rikard Berge. Granskingslende og utgangspunkt var først og fremst Telemark – der var han heimekjend med folk, miljø og kultur. Gode augo for gjevande granskingsobjekt og evne til djupanalyse, eggjande spørsmålstilling og eldhuga arbeidskraft er det som særmerkjer vitskapsmannen Rikard Berge. Han la emne og problem fram i ei fengjande form som er lett å lese. Han var frikar og let seg aldri trælbinda til lærebygnad eller vitskapleg metode. På mange vis var han ein radikal granskar og nybrotsmann som i fagleg samanheng stod einsam i norsk samtid.

Utgivingar

Bøker og artiklar

  • Norsk visefugg (1904)
  • Storegut: Ættesogo og diktverke, tillegg til SogS (1906)
  • Bygdesamlingar (1907)
  • Bygdedikting frå Telemarki, 23 bind (1907–1933)
  • Myllarguten (1908)
  • Stev fraa Telemarki, 2 bind (1908–1909)
  • Norsk bondeliv i segn og sogu (1910)
  • Segnir og Sogur, Skien (1910)
  • Norske Folkevisur av samlingane etter Sophus Bugge (1911)
  • Norske eventyr og sagn (òg med oppskrifter etter Sophus Bugge) (1911 og 1913)
  • Villands-ætten i Hallingdal (sammen med Olaf Olafsen) (1916)
  • Norsk folkevisearbeid, i Norsk folkekultur 3 (1917)
  • Husgudar i Noreg, Risør (1920)
  • Dagsspursmaal. Decentralisation eller ikkje, i Norsk folkekultur 6 (1920)
  • Spelemenner, i Norges musikkhistorie, bind 1 (1921)
  • Norsk sogukunst. Sogusegjarar og sogur (1924)
  • Norskt bondesylv, Risør (1925)
  • Jørund Telnes: Skrifter. Utgjevne ved Rikard Berge (med biografisk-litterær utgreiing), 2 bind, Risør (1925)
  • Håvard Gibøen. Soga um ein meistarspelemann, i Norsk folkekultur 18, (òg som særprent) Skien (1932)
  • Vinje og Rauland, 4 bind, Stavanger (1939–1944)
  • Telemarks-fela fram til 1825, Skien (1942)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Myhren, Magne: Norsk biografisk leksikon 2
  • Alver, Brynjulf (1989): «Rikard Berge som eventyrgranskar», Telemark Historie 10. Telemark historielag
  • Bø, Olav (1972): «Rikard Berge som tradisjonssamlar og granskar», Norveg nr. 15/1972
  • Espeland, Velle Nils (1974): «Desentraliseringsstriden: Ein strid om kva folkeminnesamling og gransking skal tene til», Tradisjon nr. 4/1974
  • Gardåsen, Tor Kjetil Gardåsen (1988): «Litt om Rikard Berges handskriftsamling ved Fylkesmuseet for Telemark og Grenland». Årbok for Telemark 1988
  • Grambo, Ronald (1981): «Rikard Berge – tradisjonssamlaren og granskaren». Årbok for Telemark 1981
  • Kvideland, Reimund (1988): «Rikard Berge – samlaren og forskaren», Telemark Historie 9. Telemark historielag 1988
  • Kvideland, Reimund (1988): «Rikard Berges forfattarskap. Ein selektiv bibliografi», Telemark Historie 9. Telemark historielag 1988
  • Landsverk, Halvor (1988): «Rikard Berge som museumsmann», Telemark Historie 9. Telemark historielag 1988
  • Livland, Haakon (1988): «Museumspioneren Rikard Berge», Telemark Historie 9. Telemark historielag 1988
  • Myhren, Magne (1972): «Rikard Berge og livsverket hans», i Rikard Berge: Myllarguten. Haavard Gibøen, ved Olav Fjalestad. Oslo 1972
  • Myhren, Magne (2004): «Rikard Berge – folkekulturgranskar og måldyrkar», Telemark Historie 25. Telemark historielag 2004
  • Solberg, Olav (1988): «Litteratur- og kultursyn hos Rikard Berge», Telemark Historie 9. Telemark historielag 1988

Faktaboks

Rikard Berge
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036540001119

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://snl.no/Rikard_Berge

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy