Content-Length: 61506 | pFad | https://snl.no/Schibsted

Schibsted – Store norske leksikon

Faktaboks

Offisielt namn
SCHIBSTED ASA
Organisasjonstype
Allmennaksjeselskap
Forretningsadresse
Oslo
Dagleg leiar
Christian Halvorsen
Styreleiar
Karl Christian Agerup
Firmalogo
Schibsted.
Siv Juvik Tveitnes
Siv Juvik Tveitnes
Av /NTB Scanpix.

Schibsted er eit leiande norsk mediekonsern med hovudkontor i Oslo. Det eig mellom anna fire av Noregs ti største aviser: Verdens Gang (VG), Aftenposten, Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad. Selskapet er dessutan største eigar av Adresseavisen og Fædrelandsvennen gjennom eigarskapen i Polaris Media. I tillegg eig det nettavisa E24 og fleire mindre lokalaviser. Schibsted er og betydeleg eigar i nyheitsbyråa Norsk Telegrambyrå (NTB) og Tidningarnas Nyhetsbyrån (TT). I Sverige eig selskapet dessutan Svenska Dagbladet og Aftonbladet (saman med svensk LO). Schibsted satsa i 2025 for fullt på TV-mediet, då selskapet kjøpte svenske TV4 og finske MTV av Telia Company for 6,55 milliardar svenske kroner.

Schibsted kjøpte i 2019 ein stor del av aksjane i strømmeteneste- og podkastselskapet Podme som har verksemd både i Norge, Sverige og Finland. Podme er frå 2025 eit heileigd dotterselskap innan Schibsted.

Schibsted var inntil 2022 Noregs største mediekonsern når ein reknar ut frå talet på aviser og totalopplag, då Amedia gjekk forbi. Selskapet var likevel framleis eit av Nordens største mediekonsern rekna etter omsetning.

Omorganisering

Styret i Schibsted og styret i Stiftinga Tinius vart i desember 2023 samde om at stiftinga skulle overta nyheitsdivisjonen (som fekk namnet Schibsted Media) for 6,2 milliardar kroner. Selskapet skulle vera hundre prosent norsk eigd og ikkje bli børsnotert. I grunngjevinga for omorganiseringa gjekk det fram at styret i Schibsted og Tinius på denne måten ville sikra norsk eigarskap og redaksjonelt sjølvstende.

Resten av konsernet (Schibsted Marketplaces), som i hovudsak femna om forretningsverksemd på ulike digitale plattformer, vart organisert som børsnotert selskap. Omorganiseringa vart gjennomført sommaren 2024.

I mai 2025 skjedde eit nytt namnebyte: Schibsted Media heiter frå då berre Schibsted, medan Schibsted Marketplaces heiter Vend. Stiftinga Tinius eig 26,3 prosent i Vend.

Selskap for annonsesal

Annonseformidling på nett er hovudsatsingsområdet for Vend. I Norden driv selskapet portalane Finn.no, Blocket.se, DBA.dk, Bilbasen.dk, Tori.fi og Oikotie.fi. Rubrikkannonsar på nett vart meir og meir viktig etter århundreskiftet, særleg med etableringa av Finn.no i 1999.

Investeringsselskapet Schibsted vekst høyrer inn under Vend og driv finansiell rådgjeving på nett. Det famnar om fleire underselskap som mellom anna Prisjakt.no (teneste for prissamanlikning). Lendo er eit anna selskap som til dømes gir råd om lån og lånevilkår.

Leiarskap

Siv Juvik Tveitnes er konsernsjef i Schibsted, og Christian Pritzell Halvorsen konsernsjef i Vend.

Historikk

Schibsteds tidlegare logo
Schibsteds tidlegare logo
.
Lisens: fri
Rolv Erik Ryssdal

Rolv Erik Ryssdal var frå 2019 til 2022 administrerande direktør i rubrikkannonseselskapet Adevinta. Ryssdal var administrerande direktør i Schibsted frå 2009 til 2018.

Christian Schibsted vart i 1839 kompanjong med boktrykkjaren Johan Jørgen Krohn. Året blir rekna som stiftingsåret for Chr. Schibsteds Forlag, som fekk namnet sitt i 1843, då Schibsted kjøpte ut Krohn. Schibsted gav frå 1860 ut avisa Aftenposten, som passerte Morgenbladet og vart Noregs største avis i 1901. På eigarsida var selskapet heilt frå byrjinga av 1900-talet dominert av familiane Nagell-Erichsen, Huitfeldt og Riddervold.

Aftenpostens eigarar overtok i 1966 Verdens Gang, som vart Noregs største avis i 1981. I og med eigarskapen av to aviser vart Schibsted-gruppa etablert midt i 1970-åra, og i 1989 vart konsernet omdanna frå familieselskap til aksjeselskap og børsnotert i 1992 (Schibsted ASA). Samtidig ekspanderte verksemda utover landegrensene med kjøp av mellom anna store andelar i svenske storaviser. Ein stor andel i den svenske TV-kanalen TV 4 vart kjøpt i 2004.

Media Norge

Gjennom selskapet Media Norge ASA (2009-2012) kontrollerte Schibsted ei tid opptil 84 prosent av aksjane. Media Norge omfatta Aftenposten, Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Fædrelandsvennen i tillegg til Finn.no. I 2012 vart Media Norge eit heileigd Schibsted-selskap og døypt om til Schibsted Norge, der også VG vart innlemma saman med Schibsted Forlag og Media Norge Trykk. Nettavisa Næringsliv24, mest kjent som E24 (frå 2006), er eit samarbeid mellom Aftenposten og VG.

Film og fjernsyn

I 1992 var Schibsted med på å starta TV 2, og Schibsted eigde ein tredel av aksjane. Dei selde seg heilt ut i 2006. Schibsted var i nokre år majoritetseigar i film- og TV-produksjonsselskapet Metronome Film & Television, men var i 2013 heilt ute av film- og fjernsynsbransjen.

Internasjonal satsing

Hovudverksemda var lenge i Norge og Sverige, men Schibsted har hatt verksemd i til saman 23 land i Aust-Europa, Vest-Europa, Latin-Amerika, Afrika og Asia. I Estland eigde Schibsted fram til 2013 mesteparten av det største medieselskapet i landet (Eesti Meedia Group) med verksemd innan aviser (mellom anna Postimees, Estlands største), vekeblad og tidsskrift, radio og internett. Schibsted eigde også det største trykkeriet i landet (Kroonpress). I Spania og Frankrike gav Schibsted i åra 1999-2016 ut gratisavisa 20 Minutes i over tjue større byar.

For å satsa sterkare på rubrikkannonsering internasjonalt vart Adevinta oppretta i 2019, med tidlegare konsernsjef Rolv Erik Ryssdal som administrerande direktør. Som dominerande eigar i Adevinta fekk selskapet hand om marknadsplassar i 16 land i Europa, Latin-Amerika og Nord-Afrika, medan morselskapet Schibsted satsa meir nordisk. I 2020 kjøpte Adevinta rubrikkverksemda til det amerikanske eBay Classified Group, og med det vart Adevinta det største rubrikkannonseselskapet i verda på nett. I 2023 selde Schibsted mesteparten av aksjane i Adevinta.

Forlag

Schibsted var eigar av Schibsted Forlag AS til 2015, då forlaget saman med Ebok.no blei selt til Forlagshuset Vigmostad & Bjørke i Bergen.

Søkjemotor

I 2005 lanserte Schibsted søkjemotoren Sesam, som blei avvikla i 2009.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://snl.no/Schibsted

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy