Stephen William Hawking var ein britisk teoretisk fysikar, astrofysikar og matematikar, som var professor i matematikk ved Cambridge University frå 1980. Han er mest kjend for å føreseie at svarte hol sender ut stråling – som har fått namnet Hawking-stråling.
21 år gamal fekk Hawking diagnosen amyotrofisk lateralsklerose (ALS), ein ulækjeleg (uhelbredelig) og progressiv nevromotorisk sjukdom. Likevel fullførte han studiane, og med bistand frå kona Jane Wilde Hawking (fødd 1944), medarbeidarar, studentar og tekniske hjelpemiddel klarte han å formidle verdifulle idear og forme ut nye teoriar av stor betydning.
Kommentarar (2)
skreiv Arne S. Dolven
skreiv Kaare Aksnes
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.