Content-Length: 55273 | pFad | https://snl.no/Sunnhordland_-_avis

Sunnhordland – avis – Store norske leksikon

Faktaboks

Offisielt namn
BLADET SUNNHORDLAND AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Eigd av
Polaris Media
Forretningsadresse
Stord
Stifta
1902
Dagleg leiar
Reidar Hystad
Styreleiar
Marit Kalgraf
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Sunnhordland er ei norsk lokalavisStord som frå våren 2024 kjem ut i papirformat på Leirvik to gonger i veka og som dagleg oppdatert nettavis. Avisa har Stord og nabokommunane som primært nedslagsfelt. Sunnhordland er ei av dei eldste avisene i Vestland, og var lenge ei av dei få familieeigde avisene. Frå 2023 eig Polaris Media alle aksjane i avisa. Bladet er medlem av Landslaget for lokalaviser.

Digitalt

Sunnhordland publiserer stoffet både på nett og papir. Nettavis vart første gong utgitt i 2006. Sunnhordland lagar podkasten Stord-podden. Ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening var det gjennomsnittlege talet på lesarar av papir- og nettutgåva totalt 16 216 i fjerde kvartal 2023.

Historie

Stord fekk si første lokalavis allereie i 1902. 1. mai det året kom det først eit prøvenummer av ei ny avis, Søndhordland. Det er denne avisa som no kjem ut med namnet Sunnhordland.

Søndhordland vart grunnlagd av Jens Hystad, ein tidlegare skomakar som likte å skrive, sjølv om han var blind. Dette klarte han med god hjelp av kona og andre gode medarbeidarar. Til å starte avis fekk han eit lån på 400 kroner. Hystad var venstremann, kjempa for folkestyre, sosiale reformer og målsak, og lét dette setje sitt preg på avisa. I striden før folkerøystinga om EF i 1972 gjekk avisa inn for norsk medlemskap.

Cornelius Bergh Bugge, målmann og storinvestor, kjøpte i 1918 ein stor aksjepost i avisa. Ved årsskiftet 1918–1919 skifta avisa namn til Sunnhordland, og landsmålet vart redaksjonell målform. Avisa har også i dag nynorsk som redaksjonelt språk.

I 1949 trekte Jens Hystad seg tilbake og lét borna overta. Fram til 2020 var det etterkomarar i familien Hystad som dreiv og eigde avisa. I 2020 kjøpte Polaris Media aksjemajoriteten. I 2023 vart konsernet eineeigar med hand om alle aksjane.

Utmerkingar

Sunnhordland vart i 2017 kåra til Årets lokalavis av Landslaget for lokalaviser.

Opplag

Opplagstal for Sunnhordland, 1986-2023

tidspunkt
1986 8344
1988 8250
1990 8202
1991 8206
1992 8175
1993 8238
1994 8253
1995 8260
1996 8215
1997 8401
1998 8515
1999 8583
2000 8506
2001 8400
2002 8242
2003 8179
2004 8183
2005 8185
2006 7985
2007 7832
2008 7832
2009 7498
2010 7137
2011 7036
2012 6697
2013 6559
2014 6571
2015 6218
2016 6129
2017 6099
2018 6296
2019 6467
2020 6638
2021 6833
2022 7032
2023 7437
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1990 8202
2000 8506
2005 8185
2010 7137
2015 6218
2020 6638
2021 6833
2022 7032
2023 7437

Til og med 2015 gjeld opplagstala berre for papirutgåva. Frå 2020 reknar ein opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement i andre halvår, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.

Fakta

  • Første nummer 1. mai 1902

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Flo, I., red. (2010): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra A til Å, bd. 4. Oslo: Universitetsforlaget
  • Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget

Faktaboks

Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg








ApplySandwichStrip

pFad - (p)hone/(F)rame/(a)nonymizer/(d)eclutterfier!      Saves Data!


--- a PPN by Garber Painting Akron. With Image Size Reduction included!

Fetched URL: https://snl.no/Sunnhordland_-_avis

Alternative Proxies:

Alternative Proxy

pFad Proxy

pFad v3 Proxy

pFad v4 Proxy