Konow kom inn i politikken som ein beundrar av Johan Sverdrup, men hos han som hos eit fleirtal i stortingsvenstre tapte førarglansen seg snart etter at Sverdrup hadde overteke som statsminister. Konow kom meir og meir i opposisjon til statsministeren og vart ein av hans fremste kritikarar i saker som galdt åndsfridom og kultursyn. Særleg skarpt markerte han seg i striden om diktarløn til Alexander Kielland, der han med sin elitære liberalisme heva seg over «smaa, tilbagetrængte, svindende Meninger, tildels opblandede med Fordomme ude fra Yderkanterne i Landet».
Da brotet mellom Sverdrup og dei «reine» Venstre vart fullbyrda i 1888, stod Konow i første rekkje og fremja den interpellasjonen som innleidde det parlamentariske oppgjeret. Men partisplittinga førte til valtap for dei «reine», og Konow var blant taparane. Det sette ein brå stopp for den rikspolitiske karrieren hans og etterlet seg sår som seint grodde. Han vende seg bort frå den store politikken og konsentrerte seg om sine private forretningar og lokalstyret i heimbygda.
Fleire freista å trekkje Konow inn att på riksarenaen. Johannes Steen baud han ein statsrådspost i 1891, men fekk avslag. I 1895 tok Konow imot oppnemning som medlem av den norsk-svenske unionskomiteen, men først i 1897 let han seg på nytt velje til stortingsrepresentant. Han var odelstingspresident i 1899, men spela elles ei heller anonym rolle på tinget og søkte velferdspermisjon siste året i perioden.
Konow fann seg lite til rette i den venstrepolitikken som tok form kring hundreårsskiftet med vekt på sosiale reformer. Han gleid meir og meir over i ei kritisk, opposisjonell holdning mot sitt gamle parti og plasserte seg politisk i Christian Michelsens liberale samling både før og etter unionsoppløysinga i 1905. Da striden om konsesjonslovene kvesste seg til og Venstre klovna i 1908, stod han fram som frontfigur for det nyskipa Frisinna Venstre og vart vald til stortingsrepresentant i 1909.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.