Brasiland er ein liten andefugl i andefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Amazonetta brasiliensis
- Beskriven av
- (Johann Friedrich Gmelin, 1789)
Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang, hannfuglar veg rundt 430 gram og hofuglane rundt 370 gram.
Arten er knytt til ulike våtmarkshabitat, fuktig tropisk skog, fuktig tropisk buskmark og overfløymd tropisk grasmark. Brasiland er ein planteetar som lever av frukt og plantedelar som han finn på bakken.
Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt sju egg som blir ruga ut i løpet av ca. 25 dagar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.