Bringeduk er eit flatt tøystykke som ligg i utringinga eller trøyeopninga på ei kvinnedrakt. Bringeduk blir brukt til fleire bunader og folkedrakter.
Faktaboks
- Også kjend som
- bringeklut, brystduk, brjøstklut (Vang i Valdres, Slidre), brøstklut (Hallingdal)
Bringedukane er ofte broderte eller pynta med perler, men kan også vera til dømes eit fint silketørkle. Det er tradisjon for ulike typar bringeklut i store delar av landet.
Bringeduk blir òg brukt som omgrep for ein brei halskrage med sølvstas, sjå bringesølv.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.