Campbelland er ein liten andefugl i andefamilien og finst på New Zealand.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Anas nesiotis
- Beskriven av
- (Fleming, JH, 1935)
Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang, hannfuglar veg rundt 520 gram og hofuglane rundt 410 gram.
Arten er knytt til marin fjæresone (litoralsone), kystnære ferskvassinnsjøar, subantarktisk grasmark, ulike våtmarkshabitat og subantarktisk skog. Campbelland lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i vassoverflata.
Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt seks egg som blir ruga ut i løpet av ca. 28 dagar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.