Dhimmi er en islamsk juridisk term i sharia-retten, for ikkje-muslimar i eit samfunn som blir styrt etter sharia-rettens prinsipp. Uttrykket brukas først og fremst om 'bokfolka' jødar og kristne, men zoroastianarar og andre kan òg vere inkluderte.
Dhimmiar kan bu i den islamske staten så lenge dei aksepterer den muslimske herskarens herredømme og betaler ein eigen personskatt, jizya, for den beskyttelsen staten gir. Dei beheld normalt sitt eige rettssystem i familie- og annan privatrett, men må akseptere ein underordna status under muslimane. Det har variert gjennom historia kor strengt denne diskrimineringa vart praktisert.
I den osmanske perioden vart dhimmiane organisert i sjølvstyrte millet-samfunn. Då det moderne prinsippet om lik rett til statsborgarskap vart innført på 1800- og 1900-tallet, fall dhimmi-statusen bort.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.