Draktområde er eit omgrep som blir nytta i samband med bunader og folkedrakter. Det er eit område som tradisjonelt har hatt sin eigen klesskikk, det vil seie ein klesskikk som skil seg frå folkedraktene i andre område og frå samtidsmoten.
I bygdemiljø i mange område av landet vårt har klesskikken vore annleis enn motane i samtida, og ulik frå distrikt til distrikt. Særpreget kunne liggja i alle plagg, frå dei inste til dei ytste, frå kvardagskleda til høgtidsstasen. Med litt kjennskap til klesskikkane rundt om i landet kunne ein sjå på kleda kor folk var frå.
Folk hadde gjerne lite direkte føling med dei skiftande motane. Det var måten sambygdingane kledde seg på, som var førebiletet for kvar einskild, og som skapte meiningar om fint og stygt, passande og upassande.
Det lokale særpreget i folkedraktene gjeld fyrst og fremst snitt og pryding og mindre val av tekstilar. Saman med heimelaga materiale nytta ein utanlandske varer. Det var med andre ord ikkje slik at alt vart laga lokalt og mykje av det som har blitt laga lokalt har tydelig inspirasjon frå importvarer. Den same typen innførte tekstilar har vore brukt til fleire folkedrakter og i fleire draktområder. Men dei har vore brukte i ulike samanhengar og til dels på ulik måte.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.