Fregneand er ein middels stor andefugl i andefamilien og har naturleg utbreiing i Australia.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Stictonetta naevosa
- Beskriven av
- (Gould, 1841)
Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang, hannfuglar veg rundt 970 gram og hofuglane rundt 840 gram.
Arten er knytt til brakkvass-/saltvasslagunar og myr. Fregneand er ein planteetar som lever av plantedelar og frø som han finn i vassoverflata.
Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt sju egg som blir ruga ut i løpet av ca. 28 dagar. Ungane forlèt reiret om lag åtte veker etter klekking.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.