Hortativ er ei grammatisk nemning for verbformer som uttrykkjer ei oppmoding (oppfordring), som i norske uttrykk begynner med La oss … — til dømes La oss gjere det!
Ordet hortativ — som er lite brukt i norske grammatikkbøker — kan nettopp brukast om imperativ som uttrykkjer ei oppmoding i 1. person fleirtal:
- La oss alle be!
- La oss leve for hverandre!
Oppmoding må skiljast frå befaling eller påbod i 2. person, som er ein vanleg bruksmåte av imperativ:
- Vask hendene dine!
- Slutt med det der!
Hortativ kan reknast som ein eigen modus, som står i motsetnad til mellom anna indikativ, konjunktiv, imperativ og optativ, men det finst ikkje så mange språk der verbet har eigne hortativformer som skil seg frå andre modusar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.