I tradisjonell gresk og latinsk grammatikk blei infinitte verbformer definerte som verbformer utan bøying i person og tal. Dette var i motsetnad til finitte verbformer, som i desse språka nettopp har bøying i person og tal.
Denne definisjonen fungerer ikkje for språk som norsk, der ingen verb blir bøygde i person og tal. Men i alle europeiske språk — og mange språk utanfor Europa — kan ein i staden vise til at dei infinitte verbformene — i motsetnad til dei finitte — manglar bøying i modus.
I nokre oppslagsverk står det at infinitte verbformer er slike som ikkje er bøygde i tempus (tid) og modus, men det finst også finitte verbformer som ikkje er bøygde i tempus, som norsk imperativ.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.